Maia Mosfjell og Odd Einar Dørum har mange erfaringar og synspunkt på norsk politikk i etterkrigstida, og Maia Mosfjell har også vore medlem av byggekomiteen for Birkenes sykehjem der ho nå bur i ein omsorgsleiligheit.
Mariane Sønju Hagestad, leiar i Birkenes Venstre og i fullt arbeid med å stille Venstreliste til kommunevalet, var også med under besøket hos Maia Mosfjell. Etterpå var det orientering om Birkenes Sykehjem ved Liv-Heidi Eines. – Dette er ein sjukeheim eg fekk stor respekt for, staben her gjer eit glimrande arbeid, konkluderte tidlegare justis- og samferdsleminister Odd Einar Dørum, som sjølv er utdanna sosionom og har arbeidd mykje i Kirkens bymisjon.