Odd Einar Dørum vitjar Giske og Sula Venstre

Venstre sin ordførarkandidat i Oslo og tidlegare justisminster, Odd Einar Dørum, reiser for tida på oppdrag av Venstres hovedorganisasjon land og strand rundt i heile landet for å støtte opp om lokalt nominasjonsarbeid og generell politisk verksemd i lokallaga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


På Giske skal han saman med listekandidaten Runa Godø Sæther innom Myra barnehage, som står i fare for å måtte legge ned drifta etter reduserte overføringar til barnehagane — ei følgje av reduserte rammeoverføringar frå staten til Giske kommune.

I Sula går turen, saman med Sula Venstre sin 1. kandidat Kjersti Finholt, til Sula Bedriftsteneste, ei bedrift med tilrettelagde arbeidsplassar for omlag 40 personar i kommunen. På heimesidene skildrar bedrifta seg slik:
«Sula Bedriftsteneste AS held til i Sula kommune, med hovudkontor i Langevåg. Bedrifta vart etablert i 1993 som eit kommunalt aksjeselskap. Forretningsidéen er å skape tilrettelagde arbeidsplassar. I dag har vi omtrent 40 ansatte.»
Bedrifta har no fått seg nytt og moderne vaskeri, som vil verte vist spesielt fram.

Etterpå vert Dørum gjest på Sula Venstre sin første Venstre-middag på Devoldkafèen i Langevågen. Dette er eit tiltak Sula Venstre tek sikte på å arrangere til faste tider framover, og skal fungere som eit uformelt treffpunkt for politisk interesserte Sulalendingar. 10-15 personar har meld frå at dei vil kome på denne tilstellinga denne gongen. Ein ser føre seg politisk ordskifte og ein apell frå Dørum undervegs i samkoma.

Tidsplan for besøket:

10.00: ankomst Myra barnehage på Giske
13.30: ankomst Sula bedriftsteneste
16.30: Venstre-middag på Devoldkafèen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**