Odd Einar Dørum besøker Birkenes, Bygland, Valle og Vennesla 8. mars

Odd Einar Dørum besøker Birkenes, Bygland, Valle og Vennesla 8. mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Dagen startar kl 1100 med ein samtale med lokallagsleiar Mariane Sønju Hagestad og eldste Venstremedlem i Birkenes, Maja Mosfjell på Birkenes sykehjem og så omvisning på og orientering om sjukeheimen ved Liv Heidi Eienes.

Frå Birkenes går turen til Ose Turistheim og middag med Torhild Austad i Bygland Venstre på turistheimen Venstre i Bygland har sikra i kommunal eige og dermed framhald av den tradisjonsrike drifta.

Odd Einar Dørum foran Gunnar Knudsen

Foto: Jan Kløvstad

Kl 1630 er det “På veg heim frå jobben-møte” i kommunestyresalen i Valle, der Ann-Christin Jacob og Valle Venstre inviterer interesserte til foredrag av Odd Einar Dørum. Venstre i Valle held fram møtet etter foredraget, mens Odd Einar Dørum reiser til Vennsla for å halde åpent foredrag på DIGG i sentrum kl 2000.

Både i Birkenes, Valle og Vennesla blir det reine Venstrelister i kommunevalet i haust, i Valle for første gong sidan 1971. I Bygland blir det framhald av det vellykka listesamarbeidet med Høgre, eit samarbeid som førte Venstre og Olav Grunde Lauvdal inn i kommunestyret i 2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**