Firmaet Mørelaft har søkt Skodje kommune om å få kjøpe tilleggsareal til den tomta dei eig i industriområdet på Håhjem. Den aktuelle tomta er, etter det eg forstår, innanfor det som i vedteken arealplan er regulert som industriområde. Likevel har Mørelaft fått til svar frå administrasjonen i kommunen at dei ikkje kan kjøpe tomta. Kan ordføraren forklare bakgrunnen for dette avslaget, og kanskje også forklare korleis vi kan drive næringsutvikling i kommunen når dei næringsdrivande møter slik motgang? Mørelaft opplyser til meg at dette gjeld den same tomta som entreprenørfirmaet Lønnheim for ei tid sidan fekk tilsegn på, men som dei likevel ikkje ville overta.
Arnstein Sæthre
– og ja, eg vil gjerne på talarstolen og setje fram spørsmålet, etter dei reglane som gjeld for offentleg spørjetid.