Referat frå styremøte i Sogndal Venstre den 08.02.2011
Stad: Dei heibergske samlingar
Tilstades: Hans Haugen, Trond Hole, Ida J. Ulvik, Hans Kristian Systad, Maria Knagenhjelm
Sak 1. Godkjenning av årsmøtereferat utan merknadar.
Sak 2. Val av ansvarlege for ulike oppgåver:
Rekneskapsansvarleg: Trond Hole
Nettansvarleg (med Facebook): Hans Kristian Systad
Skrivar: Maria Knagenhjelm
Hovudansvarleg for programarbeidet: Ida J. Ulvik
Alle er ansvarlege for å sende saker og innlegg til Hans Kristian for utlegging på Facebook, m.m. Styret godkjente opprettinga av ei Facebook-side for Sogndal Venstre, for slik å lettare nå fleire fram mot valkampen. Adressa til Hans Kristian er [email protected]
Sak 3. Styret vedtok å sjølv opptre i rolla som nominasjonsnemnd, og kandidatlista må vere klår til innsending den 31. mars. Hans Haugen set inn annonse i Sogn Avis for å varsle alle medlemmar om nominasjonsmøtet som er satt til den 8. mars 2011. Neste styremøte er den 1. mars kl 19.00 også på museet, og alle i styret må helst ha 3-4 kandidatar til lista. Til nominasjonsmøtet bør styret kunne legge fram forslag til ei liste.
Sak 4. Programmet fram mot kommunevalet 2011 vart diskutert, og Ida J. Ulvik tek hovudansvaret for å koordinere dette arbeidet. Alle i styret (og andre medlemmar) sender inn forslag til Ida, og utkastet bør vere grovt ferdig allereie i mai/juni. Slik kan det «modnast» over sommaren, og kan sendast til trykking i august.
Allereie på styremøtet vart fleire aktuelle saker diskutert:
– Debatten om kulturhuset
– Veg opp til Fardal
– Fleire bustadtomter i Kaupangerområdet
– Gangfelt på Norane
– Meir tilrettelegging for nærmiljø-friluftsliv-folkehelse-tiltak
– Betre sykkelstien Kaupanger-Sogndal
– Parkeringsplassar for pendlarar, båt- og bussreisande
– Arbeide for storkommune Sogndal-Leikanger
– Arbeide for Sogndal som regionsenter
– Fleire epletre i sentrum!
Sak 5. Miljøprisen vart diskutert, men er ikkje enno offentleg kjend.
Sak 6. Kommunestyresaker vart også diskutert, spesielt tematikk rundt oreigning og privat eigedomsrett.
2011-02-25 Maria Knagenhjelm, skrivar