Venstre vil avbyråkratisere skulen

Tidstjuvar trugar den norske skulen. Stadig meir av lærarane si tid går med til å fylle ut skjema på skjema i staden for å førebu undervisning. Dette går fram både av Stortingsmeldinga om tidsbruk som skal handsamast til våren og frå lærarhald i den offentlege debatten. Etter Venstre si oppfatning er dette urovekkande, fordi det tek vekk fokus frå kjerneoppgåva til skulen, nemleg undervisning. Venstre vil difor avbyråkratisere skulen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Frode Hervik

Foto: MK

All skuleforsking viser at kvaliteten på læraren er avgjerande for kvaliteten på undervisninga. Ein kan satse så mykje ein vil på digital kompetanse, moderne skulebygg og så vidare, men til sjuande og sist er det læraren som er avgjerande for om undervisninga er vellukka. Det er læraren som har størst påverknad på elevane sin motivasjon og deira læringsutbytte. Venstre vil difor gi læraren fridom til å gi elevane det beste av seg sjølv, eller med andre ord tid til å kunne førebu undervisninga med gode og kreative pedagogiske opplegg framfor å fylle ut skjema. Under handsaminga av Stortingsmeldinga om tidsbruk vil Venstre difor reint konkret fremje forslag om at det vert sett ned eit regelråd som skal kutte 25 prosent av forskrifter, rundskriv og lovendringar.

Sidan 2005 har raudgrøne kunnskapsministrar pålagt lærarane 148 nye rundskriv, forskrifter og lovendringar. Dette gjer den raudgrøne regjeringa til tidstjuvar som må stansast. Mange av skjemaa er knytt til ein aukande dokumentasjonsplikt, men tida er definitivt inne for å vri fokuset frå dokumentasjon til kvalitet. Då kjem ein etter Venstre si oppfatning ikkje utanom ei forpliktande satsing på lærarane som skulen sin viktigaste ressurs. Noreg har mange kvalifiserte og kunnskapsrike lærarar som utfører sin profesjon til elevane sitt beste, og norske elevar har krav på kompetansen og kunnskapen som lærarane gir.

Venstre meiner at lærarane må få tida tilbake, slik at dei kan ha hovudfokus på å skape ei god undervisning som fremjar kunnskap, danning og kvalitet i skulen.

Frode Hervik,
Leiar i Radøy Venstre

INNLEGGET STO PÅ TRYKK I “NORDHORDLAND” ONSDAG 23. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**