Ulstein Venstre ønskjer meir miljø for pengane

Ulstein Venstre tek til ordet for å skilje ut næringsverksemda i det interkommunale reinhaldsverket SSR. – Dei må ha fokus på å yte innbyggjerane gode tenester, seiar leiar i Ulstein Venstre Pål Grødahl.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I Vikebladet Vestposten kan ein lesa følgjande:

Då representantskapet hadde møte i november, gjekk representantskapsmedlem og venstrekvinne Eli Skaatun inn for å skilje ut næringsdrifta i SSR si verksemd. Skaatun vann ikkje fram der, men Ulstein Venstre legg ikkje ballen daud der.

Nyvald leiar i laget, Pål Grødahl, fortel at dei er i gang med programarbeidet fram mot valkampen. For Ulstein Venstre blir utskiljing av næringsdelen i SSR ei viktig sak.

— Kva er det største problemet?

— Ulstein Venstre ønskjer at SSR har størst fokus på søppelhandtering. Partiet vil ha meir kjeldesortering, og at avfallet blir behandla deretter, svarer Grødahl som har lite til overs for at plast har blitt brent i lag med anna avfall.

— Forslaget vårt til føre til betre miljøvinst.

Prinsipielt i mot næringsdrift

Venstre er prinsipielt i mot at kommunen er med på næringsdrift, særleg ikkje når det kan vere i konkurranse med private selskap.

Dei liker ikkje at det er ulike gebyr for dei ulike abonnentane, så sjukeheimen må betale meir enn Rema 1000 for å bli kvitt avfallet sitt.

— Sjølv om det kan vere gode forklaringar på det, legg Grødahl til.

Meir for pengane

Etter reinhaldsverket i Ørsta og Volda skilde ut næringsverksemda si frå det interkommunale selskapet, fekk folk billegare gebyr.

— Målet er å få meir miljø for avgifta folk betaler, seier Grødahl som på sikt håper at avgifta kan gå ned.

Han ser òg at SSR blir flinkare til å informere folk i regionen sinom kva som skjer i selskapet og kva reglar som gjeld for handtering av søppel.

Tekst: Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet Vestposten

Du kan lese artikkelen på nettavisa til Vikebladet:

http://www.vikebladet.no/nyhende/article311726.ece

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**