Odd Einar Dørum, Atle Hamar og Organisastorisk leiar i fylkeslaget, Vigdis Tonning har i vinter arbeidd for å få liv i Naustdal Venstre att og at det vert liste ved kommunevalet. Og dette har dei lukkast med!
Naustdal Venstre er gjenoppretta: Øystein Djupvik får med seg topp motiverte personar i lokallaget. Styret er samansett slik: Arne Runde, Øystein Garfors, Runar Hovland (nestleiar) og Kirsten Friis.
Saker som mellom anna har sterkt engasjemet i lokallaget er Engebøsaka og svekking av sentrumsskulen. I avisa Firda av 21.02.2011 fekk det nyoppretta lokallaget dette oppslaget: Nytt parti stiller krav til Nordic Mining.
Naustdal Venstre er å treffe på Facebook også: Trykk lik og du får med siste nytt frå det gjenoppretta lokallaget.