Lokalpolitisk nettverk om skole og næring

Vi inviterer til lokalpolitisk nettverkssamling for dei som nå sit i kommunestyre og fylkesting, og dei som er kandidatar i lokalvalet i september. Les, – og meld deg på!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**



Vi inviterer til

Lokalpolitisk nettverk om skole og næring

på Hotell Sørlandet i Dronningensgt i Kristiansand fredag 11. og laurdag 12. mars Målgrupper er dei som nå sit i fylkesting og kommunestyre (og som vara), styremedlemer i laga, – og ALLE SOM STÅR HØGT PÅ LISTENE (Noen lag er ikkje ferdig med listene 11. mars, og dei er like velkomne!). Med "høgt på listene" meiner vi dobbelt så mange som kvart lokallag har i dag. Altså dei fire første i Lindesnes, dei to første i Bykle, dei åtte første i Risør osb. Ferskaste meiningsmåling er på 5,9% (NRK 17. februar), så det er godt å førebu seg.

Innhald: Venstres skolepolitikk og næringspolitikk, praktisk valkamp.

Vi får tilskot frå Venstres Hovedorganisasjon og subsidierer deltakarar frå lokallaga:
Full pris er kr 1455 pr deltakar. Agder Venstre (ved hjelp av landslaget vårt) subsidierer med kr 750,00 i rabatt på første lokallagsrepresentant, kr 500,00 til nr 2 og kr 250,00 til nr 3. Altså vil “førstedeltakar” koste kr 705,00, "andredeltakar” kr 955,00 og “tredjedeltakar” kr 1205,00.

Dei som ikkje kan/skal overnatte skal vi også subsidiere litt. Vi ventar prisane her.

Vi startar fredag kl 1800 og har ein god middag noe seinare på kvelden. Detaljprogram for 1430 kjem om få dagar til dei som melder seg på. For dei som må køyre bil er det ca 10-12 parkeringsplassar i kjellaren. Køyr fleire saman!
Meld deg på til [email protected] eller 91 80 82 56 innan 1. mars.

VIKTIG: Om laget ditt ikkje har pengar kan du søke Agder Venstre om tilskot. Agder Venstre vil subsidiere særleg lag som ikkje har hatt noen i kommunestyret denne perioden, og det er også mogleg for andre å søke.

Beste helsing Agder Venstre

Jan Kløvstad, sekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**