Kvinneleg ordførarkandidat frå Giske Venstre

Giske Venstre har halde nominasjonsmøte, og kan presentere ei sterk liste med mange gode kandidatar til det komande kommunestyrevalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Anne-Lise Roald (33) frå Vigra toppar lista, og har med seg Runa Godø Sæther, Ove Paulsen, Marit Vik, Ole Furnes og Britt Giske Andersen på dei fem neste plassane. Giske Venstre er også til no det einaste partiet som har ein ungdomskandidat på lista, Fredrik Giske (20) frå Giske. Han er òg leiar i Unge Venstre for Ålesund og omegn.

– Giske Venstre er eit lag med sterkt engasjerte medspelarar, og eg er audmjuk og stolt av å få ei liste med så mange dyktige og meiningsberande kandidatar, seier Anne-Lise Roald.

Av 21 namn på lista er 12 kvinner, og 9 menn. Lista er ellers breitt samansett med kandidatar frå alle fire øyane.

1 Anne- Lise Roald, Vigra
2 Runa Godø Sæther, Valderøya
3 Ove Paulsen, Godøya
4 Marit Vik, Valderøya
5 Ole Furnes, Godøya
6 Britt Giske Andersen, Giske
7 Britt Dagny Nikolaisen, Valderøya
8 Jan Ove Skodje, Godøya
9 Fredrik Giske (UV), Giske
10 Geir Anders Kirkholm, Valderøya
11 Sissel Basso, Giske
12 Reidar Roald, Vigra
13 Geirmund Oltedal, Vigra
14 Martine Farstad (UV), Valderøya
15 Tove Lyngstad, Godøya
16 Britt Elin Roald Farstad, Godøya
17 Torunn Lied Giske, Giske
18 Ingvild Stokke, Godøya
19 Arild Roald, Vigra
20 Idar Valkvæ, Godøya
21 Stine Merete Dyb, Valderøya

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**