Helge Hamre ny fylkesleiar

På årsmøtet i Molde i helga vart Helge Hamre frå Volda vald til fylkesleiar i Møre og Romsdal Venstre. -Pila peikar sakte, men sikkert oppover for oss på meiningsmålingane nasjonalt, seier Hamre. Han meiner at ei oppslutning på rundt 10% kan vere realistisk for Venstre i Møre og Romsdal ved fylkestingsvalet i september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


-Dette var eit veldig motiverande årsmøte, med svært godt oppmøte og friske debattar, mellom anna kring formuleringar gjeldande sjukehusstrukturen i valprogrammet til hausten, uttalar Hamre. Årsmøtet landa til slutt på formuleringar som seier noko om standardar, framfor å seie noko om kor mange sjukehus som skal vere i fylket, slik eit knapt mindretal ville.

-Dette vedtaket ville fleirtalet på årsmøtet ha slik, for at lokallaga og representantane i fylkestingsgruppa skal få behalde sin rett til å stå fritt i sin kamp for det dei meiner er det rette valet, seier Hamre. Likevel understreka årsmøtet at kampen for sjukehusa må vere kunnskapsbasert og ikkje låst til antal sjukehus og lokalisering utfrå lokalpolitiske omsyn. Det er pasienten som må vere i sentrum, ikkje skatteintektene og arbeidsplassane.

Målet om ei oppslutning på 10% ved fylkestingsvalet til hausten meiner Hamre er heilt realistisk. -Nasjonalt har landsstyret vedteke at Venstre skal bli eit 20%-parti i 2019, så her er det berre å brette opp ermane. Vi har kandidatane, fylkesordførarkandidaten, pollitikken og viljen som skal til for å få det til! avsluttar Hamre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**