INVITASJON TIL LOKALPOLITISK NETTVERK 12. OG 13. MARS

Sogn og Fjordane Venstre har gleda av å invitere til tredje samling av lokalpolitisk nettverk. Samlinga vert arrangert i samarbeid med Hordaland Venstre og VHO.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Til lokallagsleiarar

INVITASJON TIL LOKALPOLITISK NETTVERK 12. OG 13. MARS

Sogn og Fjordane Venstre har gleda av å invitere til tredje samling av lokalpolitisk nettverk. Samlinga vert arrangert i samarbeid med Hordaland Venstre og VHO.

Lokalpolitisk nettverk er ein heilt sentral møteplass i forkant av lokalvalet, og målsetjinga er som de veit at alle lokallag er med og deltek.
Målgruppe for LPN 3 er førstekandidatar, lokallagsleiarar og valkampansvarlege
Formålet med dette skuleringsopplegget er mellom anna å sikre at listetoppane er trygge på vår eigen politikk, at dei er meir synlige, og å sikre ein bevisst strategi bak det daglege arbeidet i lokallaget og i gjennomføringa av valkampen.

Tema for nettverkssamlinga er:
Skulepolitikk
Næringspolitikk
Korleis gjere suksess i lokalvalg?
Dato: 12. – 13. mars 2011
Tid: Start laurdag kl. 10.00. Avslutning søndag kl. 14.00
Stad: First Hotel Marin, Rosenkrantzgaten 8, Bergen sentrum

Møteleiarar frå VHO

Program kjem så snart det er klart.

For dei som deltok på førre samling: Hugs heimeleksene!

Påmelding via lokallagsleiarane: Sendast til fylkessekretær i Sogn og Fjordane Venstre, [email protected] innan fredag 25. februar.

Oppgje namn, adresse og om du kjem både laurdag og søndag, om du ønskjer middag laurdag og om du ønskjer overnatting.

Utgiftene fordelast slik: Sogn og Fjordane Venstre dekkjer kursavgift og opphald for ein deltakar frå kvart lokallag, mens lokallaga eller deltakarene må dekkje reiseutgiftene.
Lokallaga må sjølve dekkje utgiftene for en evt. deltakar nummer to.
Hotellopphald totalpris for alt er kr. 1890, –
Utan overnatting kostar det 845, –
Berre laurdag utan middag kostar 450, –
Berre søndag kostar 395, –

VELKOMMEN TIL TO UTFORDRANDE OG LÆRERIKE DAGER!

Med venleg helsing

Marit Barsnes Krogsæter
fylkesleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**