– Vi vil få på plass "båtbussar". Dei skal fungera på lik line med vanlege bussar, med hyppige avgangar ved arbeidsreiser. Ein skal nytta same billett/kort ved korrespondanse med buss på land, seier Rolf Nesheim.
Som kandidat til det nye fylkestinget vert dette ei sak han og partiet hans Venstre skal jobba for. I Nh si papirutgåve fortel Nesheim om kvifor partiet ønskjer å oppretta «båtbussar». I tillegg til Nordhordland-Bergen, skal dei også jobba for å få til «båtbussar» på sambandet Hjellestad-Klokkarvik.
Appellerer til fylkesordføraren
Regionrådet Nordhordland engasjerer seg også no i saka. Eit samla styre ber no fylkesordføraren ta initiativ å få realisert bårtuta Nordhordland-Bergen snarast.
OPPSLAG I «NORDHORDLAND» PÅ NETT 11. FEBRUAR 2011