Lyntog Ålesund-Oslo, opp med farta!

Møre og Romsdal Venstre krev at strekninga Ålesund-Oslo blir med i utgreiingane for lyntog i Noreg. Venstre krev også fortgang i arbeidet med lyntog, og sluttar seg til utgreiingsarbeidet som er utført av Norsk bane/Deutsche Bahn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Møre og Romsdal Venstre krev at strekninga Ålesund-Oslo blir med i utgreiingane for lyntog i Noreg. Møre og Romsdal fylke må gjer alt for at Gudbrandsdalen blir valt som trase for lyntog mellom Oslo og Trondheim og at det blir utgreidd lyntog også for strekninga Dombås — Ålesund.

Reisetider med lyntog, Oslo-Ålesund 2,5 timer.

Foto: Norsk Bane

Det er heilt naudsynt for at ikkje fylket skal bli hengande etter i folketalsutvikling og næringsutvikling. Det er også naudsynt for miljøinnsparingar i fylket.
Eit lyntog vil frakte gods og passasjerar frå Ålesund til Oslo på 2,5 timar og vil kunne erstatte mykje av fly- og biltrafikken til og frå fylket vårt. Dette vil gi eit raskare samband til Oslo og utlandet, og gi ein betydelig miljøgevinst. I tillegg vil både private og bedrifter spare mykje tid og pengar med eit lyntog.
Møre og Romsdal Venstre krev fortgang i arbeidet med lyntog, og sluttar seg til utgreiingsarbeidet som er utført av Norsk bane/Deutsche Bahn.
Vi krev at Stortinget tar med strekninga Ålesund — Oslo i lyntognettet, som bør vere ferdig utbygd innan 2020

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**