Fylkesårsmøte Møre og Romsdal Venstre

Fylkesårsmøte og nominasjonsmøtet vart halde i Molde, og fem utsendingar frå Giske Venstre deltok.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Giske Venstre på årsmøte

Foto: Giske Venstre på årsmøte

Fylkesårsmøte og nominasjonsmøtet vart halde i Molde, og fem utsendingar frå Giske Venstre deltok. Årsmeldinga syner eit aktivt fylkeslag, der vi har god tilstrauming av nye medlemmar. Møre og Romsdal Venstre er òg det fylket som har flest venstre representanter i kommunestyra!
På Fylkestinget sit no Gunn Berit Gjerde, Iver Nordseth og Frøydis Austigard.

Fylkestoppene

Foto: Fylkestoppene

Alle desse tre fekk fornya tilit frå årsmøtet, der også Britt Giske Andersen vart valt inn på ein fin sjetteplass. Ho gler seg til å gjere ein god jobb for heile fylket der.
Giske Venstre fekk vedtatt fleire viktige resolusjonar, blandt anna «Nei til sniktildeling av leitekonsesjonar på Møresokkelen» og « Stadt skipstunell må ferdigstillast no!» Dette er høgaktuelle saker vi i Giske Venstre arbeider for. Giske Venstre fekk òg inn eit heilt nytt kapittel om reiseliv i fylkesprogrammet.

Marit Vik på fylkesårsmøtet

Foto: Marit Vik på talerstolen

Etter ei inspirerande helg i Molde saman med 85 gode venstrefolk, så gleder vi oss til at valkampen skal ta til !

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**