Brøyting og strøing skal vurderast på nytt

Med bakgrunn i eit grunngjeve spørsmål i kommunestyret (14.02.11) frå Venstre og Hogne Kvangarsnes, gav ordføraren lovnad om ei snarleg evaluering av gjeldande ordningar for brøyting og sandstrøing i Fjaler. Ordføraren sa også ja til å dra grendelaga i Fjaler aktivt med i denne prosessen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kvangarsnes retta følgjande spørsmål til ordføraren:
“Vi har snart lagt bak oss to vintrar på rad med rikeleg kulde, is og snø. Sjølv er eg nøgd med utført brøyting og sandstrøing i mitt eige nærmiljø. Dei som yter tenestene står på og gjer ein god jobb — innafor stramme budsjettrammer. Som folkevald har eg siste vekene fått ymse spørsmål, merknader og reaksjonar som kan tyde på at vintervedlikehaldet kanskje ikkje fungerer like tilfredsstillande alle stadar i kommunen. Og sidan kommunestyret sit med det formelle ansvaret, blir spørsmålet då: Vil ordføraren medverke til ein gjennomgang/evaluering av gjeldande ordning med brøyting og sandstrøing i Fjaler — og at dette i så fall vert gjort medan røynslene frå årets vinter er rimeleg ferske?”

Til dette svara ordføraren at han også sjølv hadde fått reaksjonar — og at han ville sørge for å få i gang ei evaluering av rutinane med det første.

Kvangarsnes nytta også høve til eit tilleggsspørsmål:
“Eg vil peike på eit konkret tiltak når det gjeld sandstrøing. Dei siste par åra har kommunen plassert sandkasser kring om på enkelte strategiske stadar i kommunen. Dette er etter mi meining ei god ordning. Sanden i kassane vert nytta — noko som viser at innbyggarane gjerne vil bidra sjølve med naudsynt grusing. Vil ordføraren invitere grendelaga i Fjaler til å kome med innspel til evalueringa — til dømes føreslå fleire plassar der sandkasser med fordel kan plasserast?”

Ordføraren syntest ideen om å bruke grendelaga i prosessen var god. Han såg også føre seg at grendelaga i framtida kunne bli ein meir brukt høyringsinstans i andre aktuelle saker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**