Stans sniktildelinga av oljeblokker!

Møre og Romsdal Venstre krev stans i tildelingsprosessen av nye oljekonsesjonar på fiskefelta utanfor Møre. Regjeringa gir no løyve til oljeleiting i dei sårbare gytefelta på Møre-kysten utan konsekvensutgreiing og høyringsprosess.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Ved å utvide eksisterande leite- og utvinningsområde administrativt utanom ordinær konsesjonshandsaming legg ein til rette for oljeboring langt inne i gytefelta for verdas viktigaste pelagiske bestand, NVG-silda. Dett er ei overkøyring av fiskeriinteressene og eit hasardspel med miljøet i eit av verdas viktigaste matfat, utan ordinær demokratisk saksgang.

Tildelinga er nemleg klart i strid med dei faglege råda som har kome frå miljøstyresmaktene og Havforskingsinstituttet når desse områda vart vurderte i dei ordinære konsesjonsrundane. Tildelinga av sårbare eller omstridde område er også i strid med Forvaltningsplanen for Norskehavet, der ein fastslo at det ikkje skulle utlysast nye konsesjonar på Mørebankane før planen var oppdatert, seinast i 2014. TFO-tildelingar, som regjeringa no gir, skulle berre skje som utviding av mindre og ikkje omstridde område.

Møre og Romsdal Venstre er positiv til oljeaktivitet der det ikkje kan påvisast fare for skade på eller øydelegging av dei marine organismane og miljøet elles. Dei aktuelle sårbare områda vi her snakkar om er tilrådd verna av alle relevante faginstansar som overvakar miljøet og som har kompetanse på miljøområdet til sjøs. Det gjeld Havforskingsinstituttet, Klima- og forurensingsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning, som alle har frårådd tildeling av nye lisensar.

Som miljøparti er Møre og Romsdal Venstre opptekne av å leggje til rette for at framtidige generasjonar kan hauste av fornybare ressursar og det miljøet kan gi oss. Difor forventar vi at Regjeringa har respekt for Stortinget, og held seg til avgjerda om å vente med eventuelle nye lisensar til oppdateringa av forvaltningsplanen i 2014 ligg føre.

Årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre vil difor protestere mot tildelinga og krev tilbakekalling av løyve til oljeaktivitet i dei sårbare og viktige gyteområda på Mørefeltet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**