Viktig å sikre Ose Turistheim, seier Olav Grunde Lauvdal

Venstre og Høgre sikra fleirtalet i Bygland kommunestyre 27. januar og sørga for at Ose Turistheim framleis er i kommunal eige.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Ose Turistheim

Ose Turistheim
Foto: Jan Kløvstad

– Ose Turistheim er viktig for bygda, fungerer svært godt og bør få halde fram både fordi det er viktig kulturvern, vern gjennom aktiv bruk og eit godt mattilbod for folk i øvre delar av Bygland og folk som reiser gjennom dalen, seier Venstres kommunestyremedlem Olav Grunde Lauvdal.

Arbeidarpartiet og bygdelista for Byglandsfjord ville selje Ose Turistheim og hadde fått fleirtal for dette i formannskapet. Men i kommunestyret sat felleslista Høgre/venstre på vippen og sikra fleirtalet for komunalt eigarskap.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**