– Vi vil halde fram med felleslista

– Vi vil halde fram med felleslista med Høgre, seier Venstres kommunestyremedlem Olav Grunde Lauvdal, nest yngste kommunestyremedlem i heile Aust-Agder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I valet i 2007 gjorde felleslista mellom Høgre og Venstre eit svært godt val og fekk to mandat. Olav neset frå Høgre og Venstres førstekandidat Olav Grunde Lauvdal fekk også mange personlege stemer. Det mangla berre noen få stemmer på tredjemandatet. Men dei to tapande partia Senterpartia og Arbeidarpartiet slo seg saman og fekk sikra seg både ordførar og varaordførar, og valvinnaren felleslista fekk ikkje eingong plass i formannskapet. Likevel har Høgre og Venstre arbeidd godt i kommunestyret.

– Nå arbeider vi med framhald av felleslista, fortel Olav Grunde Lauvdal, som er igang med å kontakte både dei som stod på lista sist og fleire nye interessante namn frå heile Bygland for å bidra til best mogleg styring av Bygland kommune. – Arbeidet går så godt at vi alt nå kan slå fast at det blir liste, seier han.

Vil du stå på liste i Bygland, ring Olav Grunde Lauvdal på 99 35 03 49.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**