Av Jan Kløvstad, bystyremedlem for Arendal Venstre
Spørsmåla våre var kva erfaringa er på den enkelte skole, kor mange som er med, kvalitetsvurdering, om det er fornuftig bruk av pengane, om andre formar for leksehjelp kunne fungert betre og korleis gratis frivillig leksehjelp verkar inn på SFO.
Pålegget
Regjeringa ved kunnskapsminister Kristin Halvorsen, Sosialistisk Venstreparti, har pålagt alle skolar å gi frivillig leksehjelp til elevane i 1.-4. klasse. Venstre meiner dette er bortkasta, fordi barn i denne alderen treng individuell leksehjelp anten av foreldre eller kvalifiserte lærarar. Nå er praksis at ein ufaglært assistent (som ofte kan vere svært dyktig!) har ansvar for 10-20 viltre barn med sterkt varierande behov og nivå.
Erfaringa i skolekvardagen i Arendal
Dette seier skolane om erfaringane med frivillig leksehjelp:
– 20% av elevane på Arendal internasjonale skole var positive til å ha leksehjelp, men alle slutta etter noen få gonger.
– Halvparten av 1.-3. klassingane og fjerdelen av fjerdeklassingane er med på Birkenlund, som meiner å sjå betring av kvaliteten etter kvart som skolen finn ein form som passar skolen.
– Halvparten var med frå starten på Nesheim, færre nå. Utdanna barne- og ungdomsarbeidarar har ansvaret. Skolen meiner foreldre bør følge opp lekser med eigne barn, som ein god måte å følge med i opplæringa på. "Dette er ikke en fornuftig bruk av pengene."
– Under 10% av elevane på Asdal har tatt i mot tilbodet. Rektor skriv: "Leksehjelp på småskoletrinnet er etter min vurdering feil, av flere grunner: Elevene her er de minst selvgående og trenger i stor grad individuell hjelp. I tillegg bør foreldrene ta ansvaret på disse trinnene for å kunne følge med sine barns skolegang. Hvis de ikke hjelper sine barn på småskoletrinnet, vil de få problemer med å kunne gi hjelp senere i skolegangen."
– Nedenes skole er meir nøgd. Der er om lag 20% med, og skolen har fått pedagogar over 55 år som frivillig gjer dette som anna arbeid, "anna arbeid" definert som an na arbeid enn vanleg undervisning. Rektor understreker likevel at "fornuftig bruk av disse pengene ville vært leksehjelp tilde som virkelig trenger det, de som ikke blir fulgt opp hjemme."
– Ved Roligheden deltar ca 40 av totalt 150 på leksehjelp. Leiinga på skolen har gitt tydeleg råd om at førsteklassingar ikkje bør delta, og meiner at elevar på ungdomsskoletrinnet kunne ha langt betre nytte av tilrettelagt leksehjelp enn elevar på småskoletrinnet. Rektor understreker at tiltaket ikkje må erstatte foreldreansvaret. Fagarbeidar ved skolen får hjelp av to personar frå frivillighetssentralen, og det blir opplevd positivt.
– Moltemyr skole ser heile pålegget som fullstendig bortkasta og som tjuveri frå langt meir vellykka ordningar dei hadde før, som hjelp til dei som treng det frå 4. klasse og oppover.
– Strømmen skole melder at ca 55% deltar, men at behovet for leksehjelp er større jo eldre elvane blir. Utbyttet av leksehjelp "ville vært større dersom dette hadde vært lagt til mellomtrinnet."
– Rykene skole er delvis unnataket i undersøkinga, med 31 av 45 elevar som er med og ei brukargransking som viser at elevar og foresatte i hovudsak er nøgd med tilbodet. Likevel svarer rektor på spørsmål om dette er fornuftig bruk av pengane: "Nei! De yngste klassene får lettere hjelp hjemme Kostnader står ikke i forhold til utbyttet."
– Hisøy skole har lagt opp med ein dag i veka for 1. klasse, to dagar for 2. og 3. klasse og tre dagar for 4. klasse, med deltaking frå under 30% for dei yngste og opp til over 85% i 3. klasse. Kvar gruppe er på 15-20 elevar pr vaksen. "Hvis eleven ikke får gjort leksa eller ikke forstår hva hun/han skal gjære, har den ene voksne ikke alltid mulighet til å gi tilfredsstillende hjelp. Vi er av den oppfatning at de aller fleste elever vil få den beste leksehjelpen hjemme."
– Steinerskolen har heller ikkje særleg gode erfaringar med ordninga, og har jo også leksefri førsteklasse.
Oppsummert: Bortkasta
Rektorar i skolane er til vanleg svært diplomatiske når dei uttalar seg. Nedenes og Rykene er meir positive i omtalen av erfaringane enn dei andre, og meiner likevel at pålegget er uklokt. Eit klart og utvetydig samandrag er: Pålegget frå regjeringa er bortkasta, pålegget om frivillig leksehjelp er på feil skoletrinn. Det hindrar langt meir fornuftig bruk av både folk, kunnskap og pengar som skolane sjølve kunne gi tilbod om. Venstres råd er klart: Slepp skolane fri, la skolane sjølve gjere det som tener den enkelte elev best. Sats på tidleg innsats med kvalitet. Få slutt på dette tullete detaljerte påbodet straks.
Svekka skoleøkonomi
Venstre i Arendal har oppfatta frå mange at leksehjelpa kunne påverke SFO-tilbodet. Når skolen skal tilby ein time eller fleire med gratis leksehjelp ein eller fleire dagar i veka, er det risiko for at foreldre heller sender ungane på frivillig gratis leksehjelp enn å betale for full SFO-plass. Dessverre viser det seg at vi har rett i dette. Svara frå skolane er enda meir eintydige enn i svara som viser den manglande fornuften og kvaliteten i leksehjelpstilbodet.
Eit stort fleirtal av rektorane ser at dei ser ein klar tendens til at elevar med heil SFO-plass reduserer denne til 60 eller 40% og at stadig fleire av dei som til nå har hatt redusert plass seier opp plassen. Foreldra betalar for SFO-plass. På spørsmål frå Venstre om leksehjelpa vil redusere inntektene til SFO og dermed også svekke budsjettet for den enkelte skole er svaret også heilt eintydig med eit lite unnatak for Birkenlund som svarer "så langt har dette ikke skjedd." Dei andre skolane svarer stort sett med eitt ord: "ja". Asdal skole melder om færre innmeldte i SFO, samtidig som det er færre som betaler for full plass. I tillegg er det uklokt personalmessig: "Leksehjelp går parallelt med SFO, noe som betyr at vi må ha ekstra bemanning enten i SFO eller i leksehjelp, og da blir det små stillinger med personer som har lite med elevene å gjøre ellers i løpet av skoledagen."
Venstres konklusjon
Pålegget frå regjeringa om å gi gratis frivillig lekse"hjelp" er direkte uklokt. Det svekkar foreldreansvaret og gjer det vanskelegare for foreldra å følgje opp seinare i skolegangen – . Den frivillige lekse"hjelpa" gir falske håp om at elevane verkeleg har fått nyttig hjelp, svekkar økonomien på skolane ved å konkurrere med SFO-tilbodet som også gjeld for 1.-4. klasse, og gir fleire uønska deltidsstillingar i staden for å utvide stillingane for dei som i dag har for små stillingsbrøkar. At regjeringa innfører ordningar som direkte er i strid med blant andre Venstres konsekvente arbeid for å unngå ønska deltid er også alvorleg. Aust-Agder treng (jfr. Levekårsrapportar og likestillingsstatistikkar) heiltidsstillingar og ikkje detaljpåbod som tvinger fram enda fleire uønska deltidsstillingar.
I staden bør vi gjere, formulert av rektor på Rykene skole heilt i tråd med dei haldningane alle andre fagfolka våre har:
Elevene "på mellomtrinnet har et større behov for leksehjelp enn småskoletrinnet, av følgende årsaker:
Leksemengden er større og mer tidkrevende
Leksene er vanskeligere
Hjemmet har ofte større problemer med å hjelpe til med lekser på dette nivået
Enkeltelever har stort behov for leksehjelp på mellomtrinnet, der vi allerede i dag tilbyr leksehjelp til en håndfull elever.
Leksehjelpen til mellomtrinnet kan legges på ettermiddagen, og på denne måten kan også lærerne være mer tilgjengelig for veiledning (til leksehjelpere og elever).
Hvis mellomtrinnet får leksehjelp, vil ikke dette berøre SFO/vår økonomi."
Agderposten skriv om Venstresundersøkelsen i dag.