Pål Grødahl ny leiar i Ulstein Venstre

På årsmøtet til Ulstein Venstre tirsdag 1. februar blei Pål Grødahl valt til ny leiar av lokallaget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ny leiar
Pål Grødahl er ny som leiar i lokallaget, men han er ein røynd venstremann. Grødahl har erfaring frå Unge Venstre, og han har sete i bystyret i Kristiansund kommune. Han har også vore aktiv i Oslo Venstre. Grødahl er i dag medeigar i ei verksemd som rekrutterar ingeniørar til den maritime industrien på sunnmøre og han har god kunnskap om utfordringane til denne bransjen, både lokalt og nasjonalt.

Eli Skaatun takka av
For kommunestyrerepresentant Eli Skaatun blei dette det siste årsmøtet som aktiv politikar. Etter fire periodar har ho takka nei til vidare listeplass, og er glad for at det skjer når lokallaget er i ei positiv utvikling. — Det kan sjå ut som at mange har oppdaga Venstre og det vi står for, då vi har fått fleire nye medlemmar berre dei siste månedane. Vi har også blitt kontakta av engasjerte Vendstrevelgjarar som ønskjer å stå på liste for partiet til hausten, sa Skaatun til årsmøtet.

Arbeidet har begynt
Nominasjonsnemda orienterte om arbeidet sitt så langt. Dei har fleire namn klare, og meiner vi vil få ei sterk og bredt samansatt liste. Nominasjonsmøtet er satt til onsdag 16. mars, og lista vil ikkje bli offentliggjort før den er vedtatt. Programnemda har også starta arbeidet, og har blant anna teke initiativ til eit møte med Hareid Venstre for å sjå på eit mogleg samarbeid om saker som strekkjer seg utover kommunegrensene.

Sjå heile referatet frå årsmøtet 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**