Maksverdien i eigedomsskattelova bør fjernast!

Sauda og Suldal Venstre ser at distriktskommunane treng sårt å styrka inntektsgrunnlaget. Derfor føreslår me å fjerne maksverdien i eigedomsskattelova.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Vegard Floa

Foto: Tore Nilsen

Eigedomsskattelova § 8 slår fast eit øvre tak for verdisetjing av vasskraftverk. Regelen gjer at dei aller fleste vasskraftverk i Noreg ikkje blir takserte etter den reelle marknadsverdien, men etter maksimumverdien, fastsett av Stortinget i 2004. Maksimumsverdien blei innført for at kraftføretaka skulle "få igjen det dei taper" ved innføring av ein minimumsverdi i 2001 på kr 0,95/kWh. Bakgrunnen for minimumsverdien var å beskytte mot at historisk låge prisar ved årtusenskiftet skulle halvere eigedomsskatteinntektene frå kraftanlegg for om lag 200 kommunar. Minimums,- og maksimumsverdiane var ledd i ei overgangsordning mellom nytt og gammalt skatteregime, og reglane var tenkt å vere midlertidige.

Maksimumsverdien kunne påføre kommunane eit tap på 10 mill kroner pr år, basert på ein kraftpris på lang sikt på 20 øre/kWh. Med kraftprisar på 30-40 øre/kWh dei siste åra, saman med dagens marknadsverdiar, har departementet i statsbudsjettet for 2011 komme til at det samla tapet er om lag 840 millionar kroner årleg. Maksverdien er spesiell for vasskrafta, og tilsvarande skatterabatt finst ikkje i andre næringar. Venstre er oppteken av prinsippet om at skattemessig likskap skal gjelde for all kraftproduksjon.
Finansdepartementet har varsla ei brei høyring om maksverdien i eigedomsskattelova § 8, og at saka blir lagt fram for Stortinget i statsbudsjettet for 2012.
Norske distriktskommunar er i større grad enn bykommunane avhengig av naturressursane som inntektskjelde. Det er berre dei største kraftverka som har godar av maksimumsverdien. Dette fører til konkurransevriding for bl.a. småkraftverk, som ikkje nyter godt av ein maksimumsverdi ved eigedomsskattlegging.
Venstre vil at kommunar som har avstått verdifulle naturressursar til storsamfunnet, og til verdiskaping i sentrale strok, skal få tilbake ein del av den verdiskapinga som naturressursane gir grunnlag for.

Ei oppheving av maksimumsverdien vil også gjere distriktskommunane mindre avhengige av statlege overføringar, noko som Venstre ser som eit sunt prinsipp.

Sauda Venstre støttar ei lovendring som styrkjer inntektsgrunnlaget til desse kommunane og krev derfor at maksverdien i eigedomsskattelova § 8 blir fjerna.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**