Gunn Berit Gjerde: fleirtal for uttale om gytefelta

Fleirtalet i miljøutvalet i fylket slutta seg til uttalen om nei til oljeleiting i dei viktige gytefelta for sild på Mørekysten. Høgre og AP stemte i mot uttalen.
Uttalen skal sendast til fylkesutvalet som skal handsame saka i neste møte 21. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Miljøutvalet i Møre og Romsdal oppmodar fylkesutvalet om å vedta og sende over til regjeringa følgjande uttale:

STANS TILDELINGA AV OLJEBLOKKER I GYTEFELTA PÅ MØREKYSTEN
Olje- og energidepartementet (OED) gir no løyve til oljeleiting i dei sårbare gytefelta på Møre-kysten utan konsekvensutgreiing og høyringsprosess. Dette er i strid med regjeringa si Stortingsmelding 37. På bakgrunn av Stortingsmelding 37 vedtok Stortinget at det ikkje skulle opnast for nye lisensar før oppdateringa av forvaltingsplanen seinast i 2014.
OED lyttar heller ikkje til dei klare faglege råda frå havforskingsinstituttet, Klima — og forurensingsdirektoratet og Direktoratet for naturforvalting som alle frårår tildeling av nye lisensar i dette området.
Fylkeskommunen har fått større ansvar for fiskeriforvaltninga. Møre og Romsdal fylke kan difor ikkje akseptere at det vert lagt til rette for oljeboring inne i gytefelta for verdas viktigaste pelagiske bestand, NVG-silda, utan konsesjonshandsaming og utan at fylkeskommunen har fått uttale seg .
TFO-tildelingar, som OED gir, skulle kun skje som utviding av mindre og ikkje omstridde område. Dei to lisensane som er tildelte på Mørekysten er i høgste grad omstridde både når det gjeld miljøvern og fiskeriinteresser.
Møre og Romsdal fylke krev tilbakekallling av løyve til oljeaktivitet i dei sårbare og viktige gyteområda på Mørefeltet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**