Gro Skartveit har sagt ja til å være Finnøy Venstre sin ordførarkandidat

– Komande periode inneber store endringar for kommunen vår, mellom anna på grunn av samhandlingsreforma, difor trur eg Finnøy treng ein ordførar med brei politisk erfaring. Ein ordførar som kjenner dei politiske prosessane og som har eit breitt politisk nettverk, seier Gro Skartveit, til Øyposten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gro Skartveit

Foto: Frode Kleppe

– Tida som ligg føre oss vil bli både utfordrande og avgjerande for Finnøy. Og eg har veldig lyst til å vera med på å leia kommunen politisk denne perioden, seier Gro Skartveit videre til Øyposten.

– Kommunikasjon er viktig for meg fordi eg fødd i ein øykommune, seier ho. Samferdselssaka
som no opptek henne er den mykje omtalte samanbindinga mellom Fogn, Bokn, Byre og Halsnøy, vidare med ein arm til Børøy.
Men samferdsel er langt frå den einaste saka Gro Skartveit engasjerar seg i. – Nye sjukeheimsplassar kjem høgt opp på lista. Dessutan er eg oppteken av å leggja til rette for sjølvstendig næringsdrivande i kommunen.

Les heile intervjuet med Gro Skartveit i Øyposten , her >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**