Referat frå årsmøte i Sogndal venstre

Referat frå årsmøte i Sogndal venstre 31/1 2011

Bjørg Rimeslåtten opna med å spørje om det var merknader til innkallinga. Det var det ikkje.
Bjørg Rimeslåtten vart vald til møteleiar.
Hanne Haugen vart vald til referent og Eva Ramstad og Ida Ulvik til å signere møteprotokollen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Referat frå årsmøte i Sogndal venstre 31/1 2011

Bjørg Rimeslåtten opna med å spørje om det var merknader til innkallinga. Det var det ikkje.
Bjørg Rimeslåtten vart vald til møteleiar.
Hanne Haugen vart vald til referent og Eva Ramstad og Ida Ulvik til å signere møteprotokollen.

Sak 1 Årsmeldinga. Bjørg las opp årsmeldinga. Den vart samrøystes godkjend utan merknadar.

Sak 2 Rekneskap. Rekneskapet var ført av Nils Tore Opheim og revidert og funne i orden av Inger Hågar. Rekneskapen vart godkjend med den merknad at ein person tilo utan styreverv skal sjå over det og finne det i orden. Bjørg finn ein til det.

Sak 3 Kontingent. Sogndal venstre set sin del av kontingenten for 2012 slik at den totale summen vert kr 300,- pr. medlem.

Sak 4 Politiske fråsegner:
Årsmøtet kjem med fråsegner følgjande saker:
1) Løyving til krisesentert. Bjørg skriv denne.
2) Den politiske organiseringa i kommunen. Bjørg og Hans skriv denne.
3) Kulturhuset. Eva hjelper Bjørg å skrive denne.

Sak 5 Årsmelding frå kommunestyregruppa.
Dette er til orientering og vert sendt ut på e-post saman med årsmeldinga og referatet frå årsmøtet.

Sak 6 Val
Nils Tore Opheim og Hanne Haugen utgjorde valnemnda.
Forslaga til valnemnda vart vedtekne ved akklamasjon slik:
Leiar: Hans Haugen. Bjørg tok opp spørsmålet om ikkje Ida ville vera eit betre val.
Styre: Trond Hole, Eva Ramstad, Ida Ulvik og Kristian Systad.
Årsmøtet gir styret fullmakt til å konstituere seg sjølve, men ber om at Ida vert nestleiar.
Vara: 1. Maria Knagenhjelm 2. Halvor gregusson, 3. Ingunn Løvik.
Det kom opp benkeforslag om å utvide til 4 varamedlemmer, og Torbjørn Dale vart vald som 4. vara.
Revisorar: Nils Tore Opheim og Jon Farestveit.

Etter mønstervedtektene som me følgjer skal me ha eit VO-utval. Årsmøtet ga styret fullmakt til å organisere VO-utval

Til ny valnemd vart Bjørg Rimeslåtten vald. Styret får i oppgåve å finne ein reprensentant til.

Som utsending til nominasjonsmøte 4. – 5. feb og fylkesårsmøte 5. – 6. feb på Eid vart Bjørg Rimeslåtten vald. Styret fekk i oppdrag å finne to utsendingar til.

Til årsmøtet var leiar i Øyane grendalag, Stein Bondevik, og arkitekt Erling Birger Haugen inviterte for å legge fram sine syn på reguleringsplan for Øyane som skal opp i forvaltningsutvalet torsdag 3. februar. Venstre går inn for å prøve å stoppe denne planen då me tykkjer at den manglar konsekvensutgreiing på mange område.

Til slutt i møtet vart Bjørg takka for ein god jobb for laget gjennom alle år med oppmoding om å framleis engasjere seg og setje saker på dagsorden.

Ref. Hanne Haugen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**