Helge Hamre innstilt som ny fylkesleiar

Helge Hamre frå Volda er innstilt av valnemnda som ny leiar i Møre og Romsdal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Trine Skei Grande og Helge Hamre

Trine Skei Grande og Helge Hamre

Fylkesleiar representerer også Møre og Romsdal Venstre i Venstres landsstyre.

Hamre er i dag nestleiar i fylkesstyret. Han sit også i kommunestyret og formannskapet i Volda kommune.

Valnemnda har innstilt Ragnhild Helseth frå Kristiansund som ny nestleiar. Ho er i dag sekretær i fylkesstyret og sit mellom anna i kommunestyret i Kristiansund.

Som nye styremedlemmar har valnemnda innstilt Heidi Høgseth frå Gjemnes og Jim Erik Johansen frå Fræna.

Fylkesleiar Jens Johan Hyvik går av etter til saman fire år i fylkesstyret. Også Sigurd E Heiervang og Bente Aure går ut av styret.

Kontaktperson valgnemnd: Frits Inge Godø (leiar), mob 41433332

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**