Trine Skei Grande fekk først ei omvising i det nye kulturhuset. Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik var stolt guide, supplert av lokale venstrefolk. Med bibliotek, kulturskule, vaksenopplæring, utstillingssal kinosalar og ein større kultursal har Vossbygda og regionen fått både eit bygg der sambruk og økonomi er viktig, og med ei arkitektonisk særprega og vakker utforming.
Deretter var det orientering om Festival Voss, ein samarbeidsorganisasjon for 4 festivalar, og om to av dei sentrale; Vossajazz og Ekstremsportveko. Breidda og dugnadsinnsatsen i arrangørbygda Voss, behovet for samarbeid for m.a. å sikra forenkling, kompetanse og kontinuitet i arrrangenta – og for stabil finansiering – stod sentralt.
Til slutt sat vel 20 tett saman i ein krok på kafeen Tre Brør, der Trine Skei Grande orienterte kort om nokre aktuelle saker for Venstre sentralt , og svarte på mange spørsmål.
Også fylkesleiaren, Synnøve Handeland, og 1. på fylkeslista; Mona H. Hellesnes, var tilstades. Kjekt. opplysande, inspirerande var den samstemmige konklusjonen! TG