Dei siste åra har folketalet i Sogn og Fjordane vore stabilt eller i nedgang, medan det i nabofylka har vore kraftig vekst. I 2009 passerte vi Finnmark som det fylket i landet med svakast folketalsutvikling. På NHO sitt næringsbarometer for 2010 kjem Sogn og Fjordane nest sist i kategoriane «nyetableringar» og «innovasjon». Fylket slit også på mange andre statistikkar som syner vekst og utvikling.
Folk i Sogn og Fjordane er minst like fulle av kreativitet og arbeidslyst som folk i landet elles, og verksemdene våre jobbar hardt for å skape verdiar og arbeidsplassar. Diverre har den raudgrøne politikken ikkje makta å utnytte dette menneskelige potensialet til naudsynt vekst. Det er openbart for Venstre at noko må gjerast. Nye krefter må til, nye løysingar må prøvast.
Skal vi tiltrekkje oss arbeidskraft og innbyggjarar må vi satse på oppbygging av attraktive tettstadsmiljø og senter, slik at spanande arbeidsplassar, gode offentlege tenester og mangfaldige fritidstilbod er å finne innan rimeleg reiseavstand. Ei større satsing på tettstadane våre vil ha positive ringverknadar også for kringliggjande område.
Ei av dei viktigaste sakene for folk i Sogn og Fjordane er kampen for framtidas helsetilbod. Også her har dei raudgrøne svikta innbyggjarane. Venstre har saman med dei andre borgarlege partia kjempa for at fylkestinget skal ta stilling til kva tenester eit lokalsjukehus må tilby for å kunne kalle seg eit sjukehus. Sp, SV og Ap har nekta å ta stilling til dette, og har med det lagt vegen open for gradvis nedbygging av tenestene ved lokalsjukehusa. Fleirtalspartia på fylkestinget står med det eine beinet planta i Helse Førde-styret og det andre beinet planta i regjeringsapparatet.
Fylket treng ein ny skulepolitikk, der vi set inn kreftene på å styrke lærarrolla og tiltrekkje oss dei beste lærekreftene borna våre kan få.
Fylket treng ein ny samferdslepolitikk, der vi satsar målretta på prosjekt som gir vekst og næringsutvikling, og gjennom nye finansieringsløysingar får til ei langt raskare takt i utbygginga av vegnettet i fylket. Fylket treng ein ny næringspolitikk, der det vert lagt betre til rette for gründerar og småverksemder, og målretta satsing på sterke næringsklynger i framtidsretta næringar. Og fylket treng sterkare fokus på miljø og klima, slik at det er mogleg å skape grøne arbeidsplassar og reise kollektivt.
Sogn og Fjordane treng liberale løysingar. Sogn og Fjordane treng ein ny kurs.
Fråsegn vedteken på fylkesårsmøtet 6. februar 2011.
Kontaktperson: Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 909 98 121