REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BALESTRAND VENSTRE 17. JANUAR KL. 19.00

Tradisjonen tru var årsmøtet lagt til Midtnes Hotel. Du kan lesa årsmøtereferatet her:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Desse møtte:
Råmund Nyhammer, Merete Sande, Emma Bale, Odd Aarskog, Britt Grimelid, Jon Asbjørn Målsnes, Jarle Geithus og Kari Tordis Aarskog.

Marta Kvikne som er Venstre sin fylkestingsrepresentant, skulle dela sine erfaringar frå fylkespolitikken med oss. Pga ekstraordinert fylkesting samme dag, var ho forhindra frå å møta. Me starta difor med saklista til årsmøte.

SAKLISTE:
Sak 1: Merknad til innkalling
– ingen merknad

Sak 2: Merknad til sakliste – ingen merknad

Sak 3: Val av møteleiar – Råmund Nyhammer vart vald

Sak 4: Val av skrivar – Kari Tordis Aarskog vart vald

Sak 5: Val av to til å skriva under møteprotokollen: Odd Aarskog og Jarle Geithus vart vald

Sak 6: Årsmelding v/Kari Bolstad
Kari var forhindra frå å møta og Råmund som hadde fått årsmeldinga oversendt, las opp denne. Ein merknad til årsmeldinga. Eit tillegg når det gjeld avisoppslag: Britt Grimelid, som har vore ein forkjempar for å få flyktningar til kommunen, fekk oppslag i Sogn Avis om tilflytting av flyktningar til kommunen
Årsmeldinga vart godkjent.

Sak 7: Rekneskap v/kasserar Jon Asbjørn Målsnes.
Drifta viser eit driftsoverskot på kr 4416,55 for 2010.
Inneståande på bankkonto pr 31/12-10 var kr 26425,34
Rekneskapen vart godkjent med atterhald om revisorane si påskrift.

Sak 8: Politisk rekneskap v/gruppeleiar Britt Grimelid. Denne vart godkjent.

Sak 9: Val
Valnemnda, Merete Sande og Råmund Nyhammer, sitt framlegg vart vedteke.
Det nye styret for Balestrand Venstre 2011 vert samansett slik:

Leiar: Råmund Nyhammer (attval for 1 år )
Nestleiar: Britt Grimelid (attval for 1 år )
Kasserar: Jon Asbjørn Målsnes (på val for 2 år)
Skrivar: Kari Bolstad (på val for 2 år)
Varamedlemmer – valde for 1 år
1. Marta Kvikne
2. Jarle Geithus
3. Arne Håland
4. Ragnar Aaland
5. Ken Heine Bakke

Revisorar:
Lars Sjøthun
Arild Hellenes

Valnemnd for 2011:
Merete Sande
Marta Kvikne

Sak 10: Kontingent for 2012
– vedtak uendra

Sak 11: Val av utsendingar til nominasjonsmøtet, den 4. februar og til fylkesårsmøtet den 5. og 6. februar på Nordfjordeid
Nominasjonsmøte: Britt Grimelid
Fylkesårsmøte: Britt Grimelid, Kari Bolstad og Kari Tordis Aarskog

Varautsendingar:
Merete Sande
Jon Asbjørn Målsnes

Sak 12: Innkomne saker – det var ingen innkomne saker.

Marta Kvikne møtte opp ca kl 21.00 og hadde ei orientering frå det ekstraordinære fylkestingsmøtet i Førde der høyringsfråsegn til Nasjonal helse- og omsorgsplan blei diskutert. Det vart stemt over to forslag der Ap, Sv og Sp gjekk saman om eitt forslag og Krf, V, H, Frp og Gunvor Sunde gjekk saman om eitt. Dei siste sitt forslag kom i mindretal, 16 mot 23. Det var liten forskjell på dei to forslaga. Mindretalet gjekk inn for at lokalsjukehusa må innehalda akuttfunksjonar og eit fødetilbod på minimum tilsvarande dagens nivå. Fleirtalet gjekk inn for formuleringa i Soria Moria. Deira framlegg var og at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, men enkelte sjukehus kan delvis få andre arbeidsoppgåver enn i dag.
Det var liten skildnad på forslaga, og nokon avklaring om kva funksjonar lokalsjukehusa skal ha i framtida, kom ikkje klart fram i det forslaget som vart vedteke.

Møtet slutt kl 21.30

Kari Tordis Aarskog
– referent-

Jarle Geithus Odd Aarskog
-sign- -sign-

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**