POLITISK REKNESKAP 2010

Kommunestyregruppa til Balestrand hadde eit godt arbeidsår i 2010. Britt Grimelid, Råmund Nyhammar og Kari Tordis Aarskog er dei faste medlemane våre og deira rapport frå siste år kan de finna her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


ULIKE KOMMUNALE ARBEIDSNEMNDER I 2010:

Økonominemnd:
medl. Jarle Geithus, har levert 1 "rapport" .
Samferdslenemnd: medl. Odd Aarskog, skal m.a. jobbe med kommunedelplan for Esefjorden, som vonleg kan vedtakast i 2011.
Klima og miljøplan: medl. Råmund Nyhammar.
Energi-og Klimaplan for Balestrand kommune vart vedteken i kommunestyret i november.
Arbeidsgruppe for vurdering av framtidig pleie- og omsorgstilbod til barn og unge: medl. Kari Tordis Aarskog.
Kommunen har kjøpt areal på Bala som skal nyttast til bygging av omsorgsbustader.
I tillegg har kommunen eigen avlastningsbustad som vart teken i bruk i september.
Nemnda skal fortsetje arbeidet også i 2011.
Busetting av flyktningar: medl. Britt Grimelid. Kommunen tok mot 10 flykningar dette året.
Det er vedteke å ta mot inntil 10 nye i 2011.
Arbeidsgruppe for fiberbasert breibandtilbod til alle innbyggarar i kommunen innan 2015: medl. Ken Heine Bakke.
Nasjonalparkstyret for Jostedalen Nasjonalpark: Kari Bolstad, varamedl.


Vurdering av verdien av mellomtrinn ved oppvekstsentra i Balestrand kommune.

Til første møte i utval for Oppvekst og omsorg (OO) d.å. låg det føre ein rapport om saka, bestilt av utvalet. Under handsaming vedtok utvalet å sende saka over til Formannskapet, dette mot Venstre og Sp sine stemmer.
Under handsaming i formannskapet ynskte Venstre å sende saka tilbake til utvalet då det var utvalet som hadde tinga rapporten. Venstre fekk ikkje støtte for dette og gjorde då framlegg om at"Skulestrukturen i Balestrand kommune vert ikkje endra".
Sp gjorde framlegg om det same men med tillegg: "Saka vert sendt tilbake til utval for oppvekst og omsorg for vurdering av langsiktige føresetnader for å kunne oppretthalde skulestrukturen som i dag. Utvalet skal gjere framlegg om retningsliner som kan gje forutsigbarhet i høve til framtidig skulestruktur."
I mai vart saka på nytt handsama i OO der fleirtalet ba administrasjonen innhente uttale frå Elevråd, Foreldrearbeidsutval og Samarbeidsutval, rektorar, grendalag m. fl. I Sak 25/10, 30.11.2010 kom saka, på nytt, til handsaming i OO. Høgre gjorde framlegg om utsetjing. Framlegget fekk 2 stemmer. Endeleg vedtak: Dagens skulestruktur skal vidareførast .
Sakspapira/handsaminga kan lesast på kommunen si heimeside: Møtekalendar og sakspapir.

Plan for Næringsutviklingsarbeidet i Balestrand kommune.
Etter eit grundig og godt arbeid vart Næringsplan for 2010 — 2013 vedteken.
Det vart tilsett Næringssjef i 100% stilling. I tillegg vart det oppretta eit fellesråd
("dialogforum") beståande av Balestrand næringsforum og Formannskap.

Strategiplan for Helse Førde – Høyringsuttale
kom til handsaming i Formannskapet den 18.mars, sak 16/10.
Grunna kort førebuingstid gjorde V framlegg om å utsetje saka til neste møte då høyringsfristen var først den 19.april. V kom i mindretal men fekk støtte frå SP.
V stemnde mot tilrådinga frå rådmann/fleirtalet (Modell 1), med protokolltlførsel om at vi ville kome med eige framlegg i kommunestyret.
Under handsaminga i kommunestyret gjorde V/SP felles framlegg:
"1.Balestrand kommune finn det lite tilfredsstillande at fristen for å gje uttale til høyringsgrunnlaget går ut før saka om samhandlingsreforma er ferdig handsama i Stortinget.
2. Balestrand kommune ynskjer at ein i Sogn og Fjordane skal oppretthalde lokalsjukehusa med akuttberedskap og fødetilbod. Dette er viktig for å sikre innbyggjarane i heile fylket trygg og rask hjelp.
3. Balestrand kommune ynskjer eit sterkt sentralsjukehus i Førde som sikrar eit godt fagmiljø i heile fylket, og som skal vere ei drivkraft for rekruttering og kompetanseutvikling til beste for alle sjukehusa i Sogn og Fjordane.
4. Balestrand kommune ber Helse Førde, gjennom Helse Vest, om at dei tek initiativ overfor sentrale styresmakter for å få ei snarleg evaluering av sjukehusreforma frå 2001. Slik føretaksmodellen framstår i dag, tvingar den fram eit so stort fokus på bedriftsøkonomiske tilhøve at omsynet til pasientane vert sett til sides."

Framlegget vårt fekk 8 røyster ( V/SP og 1 repr, frå KrF) og fall.
Mindretalet røysta mot AP sitt framlegg som då vart vedteke 9 mot 8


Budsjett 2011. Økonomiplan 2011 – 2014.

I utval for Plan og utvikling tok Råmund Nyhammer initiativ til ein grundig gjennomgang av “Sentrale mål” innan utvalet sitt område, noko som resulterte i ein god debatt, med mange endringar. Britt følgde vidare opp i Formannskapet. Alle framlegg frå V fekk fleirtal.

Konsesjonssaker – for overtaking av fast eigedom.
V følgjer i desse sakene opp intensjonane som ligg i endringane frå 01.07.09 av landbrukslovene (jord-, konsesjons- og odelslova) om strengare praksis vdr. buplikta. Rimeleg vurdering ved 1.gongssøknad om fritak, men bør vere umogeleg å få fritaket forlenga.

Lensmannskontor/Lensmann i Balestrand
Kari Tordis tok initiativ til at kommunestyret skulle sende brev til Politidirektoratet vdr. situasjonen ved lensmannskontoret i Balestrand.
Brevet som KT forfatta fekk full oppslutnad i kommunestyret 29. september.
24. november kom det svar frå direktoratet som viste til at dei hadde lagt brevet fram for politimesteren i S. og Fj.

I tillegg til ovannemnde har kommunestyregruppa i Venstre teke initiativ og elles kome med konstruktive innspel til Kommuneplanen, arealdelen, for 2010 — 2020, Ny organisering av pleie og omsorgstenestene, Kurs for Vernetenesta, Medarbeidersamtaler, Ergonomikartlegging, Prosjekt for å redusere sjukefråværet, Medlemskap i Vest-Norges Brussel-kontor, Tilskot til kultur -og næringsføremål, Vidare utbygging/forbetring
av breibandet, Strategi for IKT, Hittunsfjøra, Elektronisk løysing for saker til politisk handsaming, Situasjonen i Oppvekstområdet i kommunen, Sal av kommunen sine aksjar i Rådhuset, m.m.


Sluttkommentar

Medlemane i gruppa har også dette året hatt ein god tone og eit godt samarbeid.
Vi har opplevd forholdet til dei andre politiske partia og administrasjon som godt og konstruktivt.

Kattavollen den 14.januar 2011

Britt Grimelid
gruppeleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**