Etabler eit psykologisk lågterskeltilbod i kommunane!

Venstre vil at tilgangen til eit psykisk helsetilbod må bli ein sjølvsagt del av primærhelsetenesta slik som allmennlegetenesta, helsesøster — og fysioterapitjenesta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I statsbudsjettet for 2011 blir det slått fast at psykiske lidingar vil vere den viktigaste årsaka til sjukdomsbelastning i vestlege land i 2020. Halvparten av den norske befolkning vil bli råka av psykiske vanskar i løpet av livet. Angst, depresjon og rusmisbruk er dei hyppigaste tilstandane.

Ventetida hjå psykologspesialistar med avtale er lang og minimum eitt år.Dei distriktpsykiatriske sentra har hovudansvaret for øyeblikkeleg hjelp. Behandling av personar med alvorleg sinnsliding skal ha prioritet.

Hordaland Venstre vil jobbe for at det blir fortgang i etablering av eit lågterskeltilbod for lettare psykiske vanskar. I om lag 40 kommunar i landet er det etablert eit lågtreskeltilbud, der pasientar kan ta direkte kontakt. Erfaring viser at det ofte er tilstrekkeleg med ein kort serie samtalar for å koma på rett kjøl.

Effekten av eit slikt lågterskel psykologisk tilbod vil kunna ha ei stor postiv samfunnsøkonomisk effekt ved at det vil hindra at menneske vert gåande på langtidsjukmelding i påvente av behandlingstilbod. Rask intervensjon vil kunna hindra at problematikken vert fastlåst eller kronisk.

Helsemyndigheitene heilt opp til Helseminister og Helsedirektorat har vedtatt støtte til kommuner som utviklar eit lågterskeltilbod. Venstre vil leggja til rette for utvikling av eit slikt lågterskeltilbod i kommunane.

Uttalelsen vedtatt på Hordaland Venstres fylkesårsmøte 6. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**