Bygg Stad Skipstunnel no!

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre krev eit snarleg vedtak på Stortinget om at Stad Skipstunnel skal byggast. Det må no setjast ein stoppar for den evige ørkenvandringa Stad Skipstunnel har vore utsett for i statsbyråkratiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Stad Skipstunnel vil bidra sterkt til auka næringsutvikling og verdiskaping, overgang av godstransport frå veg til sjø, tryggare skipstrafikk langs kysten og ein revolusjon i hurtigbåtsambanda på Vestlandet.

Den 17. utgreiinga av prosjektet, som Kystverket har hatt ansvar for og som konkluderer med at prosjektet er "samfunnsøkonomisk ulønsamt", held ikkje mål. Størstedelen av trafikken langs kysten, herunder fraktebåtar og fiskebåtar opptil 300 tonn og fritidsbåttrafikken, er ikkje tatt med i Kystverket sine berekningar. I tillegg er risikoen ved å ferdast på Stadhavet kraftig undervurdert, og ei rekke andre nytteverdiar av prosjektet er ikkje talfesta.

Den nye analysen av Stad Skipstunnel som i etterkant er utarbeidd av SINTEF, syner dette tydeleg. Her har ein påvist at prosjektet har minst 3 milliardar kroner i positiv nytteeffekt for samfunnet som Kystverket ikkje har tatt omsyn til, og at prosjektet difor er klart samfunnsøkonomisk lønsamt.

Stad Skipstunnel er eitt av mange eksempel på at den raudgrøne regjeringa ikkje lenger driv politikk, men lar statsbyråkratiet styre og sviktar Vestlandet og distrikts-Noreg. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre krev at Stortinget no løftar vidsynet og heilskapen fram, og stoppar ei ny ørkenvandring for Stad Skipstunnel.

Fråsegn vedteken på fylkesårsmøtet 6. februar 2011.
Kontaktperson: Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 909 98 121

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**