Marit og Klaus på topplassane i fire nye år

Marit Barsnes Krogsæter fekk fornya tillit under nominasjonsmøte fredag 4. februar på Bryggen Hotel Nordfjord på Eid. Nominasjonsnemnda sitt framlegg til dei fem øverste plassane vart valt med akklamasjon. Marit Barnses Krogsæter og Klaus Iversen får med seg ungdomskandidaten og leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Aleksander Nygaard Åsnes frå Førde på tredje plass og Marianne Øren frå Lærdal på fjerde. Kåre Jarl Langeland frå Bremanger er nr. 5 på fylkestingsvallista for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter og Klaus Iversen

Marit Barsnes Krogsæter og Klaus Iversen
Foto: Sfj Venstre

Før nominasjonsmøtet avslutta dag 1 kl. 20.45, vart dei 8 første plassane valt før Odd Einar Dørum fekk halde tale for møtelyden.

Nominasjonsmøtet sitt vedtak på plass 1-8:
1. Marit Barsnes Krogsæter, Flora
2. Klaus Iversen, Vågsøy
3. Aleksander Nygård Åsnes, SOFUV/Førde
4. Marianne Øren, Lærdal
5. Kåre Jarl Langeland, Bremanger
6. Siv Langøen Rotevatn, Eid
7. Britt Grimelid, Balestrand
8. Gunnar Osland, Askvoll

Nominasjonsmøtet vert sett att laurdag kl. 09.00 – og den fullstendige fykestingvallista for Sogn og Fjordane Venstre vil då verte vedteken.

Nominasjonsnemnda si innstilling kan du finne her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**