Arendal skal bidra til Kilden og Agder Teater

I bystyret i Arendal 27. januar kjempa Venstre for at Arendal kommune framleis skal vere aktivt med i Agder Teater. Det var ikkje mogleg å få med seg dei andre partia på å halde på aksjane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Men frå talarstolen i bystyret viste vi til selskapsavtalen der det står at "Tilskudd til selskapet fra Arendal kommune ytes iht. egen avtale, uavhengig av at Arendal ikke er deltaker i selskapet." Venstre varsla bystyret om at vi vil ta dette opp i all budsjettlegging også framover, for å styrke eit felles regionalt teater. Venstre i Arendal er godt nøgd med Agder Teater, Kristiansand symfoniorkester og Opera Sør og det samarbeidet Arendal har med desse tre viktige kulturinstitusjonane.

Derfor var vi lei oss for at ein einstemmig komite for kultur, miljø og næring (alle parti bortsett frå Venstre er med der) sa nei til å halde på aksjane, og at det blei kringkasta negative haldningar til teatersamarbeidet. Landsdelen treng å stå saman, også i kulturspørsmål. Som gruppeleiar for Venstre i Arendal er eg derfor svært glad for at rådmann Harald Danielsen i Fædrelandsvennen 2. februar varslar at han følgjer same linje som Venstre kjempar for i Arendal bystyre, med konstruktiv samarbeidsvilje i landsdelen.

Venstre i Arendal håpar Fædrelandsvennen vil møte ofte i Arendal bystyre, så vil lesarar også i vest sjå at det også i Arendal er eitt parti som konsekvent arbeider for samarbeid på Agder. Dette går også fram av video-opptaka frå bystyremøta som ligg ute på www.arendal.kommune.no.

Jan Kløvstad
gruppeleiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**