Trine Skei Grande er interessert i å vita meir om kultur- og festivalbygda Voss. Det er slik lagt opp til omvising i det nye kulturhuset, med ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik som guide. Deretter får ho orientering om Festival Voss.
Siste timen er avsett til kafetreff, i Tre Brør kafe. Der vil interesserte kunna stilla spørsmål om rikspolitiske saker og bli betre kjent med Venstre sin aktive parlamentariske leiar i Stortinget.
Trine Skei Grande er 41 år. Ho har møtt på Stortinget sidan 2001, vald frå Oslo. Men opphaveleg kjem ho frå Nord-Trøndelag. I yngre år var ho m.a. aktiv i Norsk Bygdeungdomslag Ho har vore generalsekretær her og i Landsrådet for Norges Barne- og ungdomsorganisasjonar.
Leiaren i Hordaland Venstre, Synnøve Handeland frå Kvinnherad, og Mona Hellesnes frå Ulvik, føreslått som nr 1 på fylkeslista, vert også med.
På årsmøtet til Hordaland Venstre skal Skei Grande innleia til generell politisk debatt kl. 11.30 laurdag. Sentrale saker på årsmøtet er ellers handsaming av fylkesvalprogram og eit fokus på verdiskaping. Årsmøtet er ope for alle interesserte tilhøyrarar.
For meir informasjon konatkt: Fylkesleiar Synnøve Handeland, 40 40 49 73