Kenneth Stømne er 36 år, medeigar og dagleg leiar i SportenStoa, aktiv i idrettsmiljøet, aktiv i barnehagearbeidet i Froland og godt kjent i heile kommunen.
På eit godt besøkt planleggingsmøte i sparebankkjellaren tysdag 1. februar var det stor optimisme og grundig og detaljert arbeid. Leiinga både i Froland Venstre og Agder Venstre, pluss Grimstadordførar Hans Antonsen var med,
Alt nå har Froland Venstre ei god liste med namn som har sagt ja til å stå på lista, og det blir nå arbeidd vidare for å kome med eit fullstenig forslag til nominasjonsmøtet som blir tidleg i mars. Arbeidsformen blir slik at møtedeltakarane tysdag har fordelt eindel oppgåver seg i mellom, I tillegg er det fritt fram for alle frolendingar som vil til å melde seg sjølv til teneste, eller foreslå andre som kan bli med på å gjere Froland enda meir åpen, inkluderande og samarbeidsvillig. Den foreløpige namnelista inneheld både nye friske krefter og folk med solid erfaring i samfunnsbyggande arbeid i kommunen.
Målet er to mandat i kommunevalet til hausten. Med to meiningsmålingar på 6,3% på landsplan dei siste to vekene, og seinast ei på 5,3 i dag er det stor tru på at Venstre er tilbake igjen i Frolandspolitikken. Mange hugsar den solide insnatsen Knut Heggen gjorde, ein innsats alle i alle parti sette stor pris på. Nå vil Venstre følge opp den konstruktive og gode linja frå Knut Heggen og andre venstrefolk i kommunestyret.
Til fylkesårsmøtet i Grimstad 12. og 13. februar møter Kenneth Stømne og Anne Lise Guldahl. Der kjem også partileiar Trine Skei Grande.