Da Anne Tørå Solsvik presenterte Venstres forslag i bystyret fekk vi 11 stemmer, mens 27 stemte for at politiet skulle ordne opp.
Nå er det vinter, og temperaturen går opp og ned. Mange fortau er glatte, eindel snø og is raser frå husa, og politiet er opptatt med det politiet skal vere opptatt med.
Derfor har Venstre bedt ordføraren sjå på saka på nytt igjen og sendt interpellasjon.
Sjå oppslag om saka i Agderposten i dag.
Og så må vi legge til Agderpostens artikkel:
Jon Skarli lagar verdens beste is
I forsøka mine på å kome meg trygt fram på isete fortau i Østregate mandag sa eg til journalisten at isen var glattare enn på kunstisbanen laurdag ettermiddag. Den litt matte kunstisen noen få timar skuldast nok kraftig temperaturendring natt til laurdag. Det kunne ikkje eingong Jon Skarli hamle opp med, sjølv om han er best i verda til å legge is utandørs. Men mandag kunne altså enkelte fortau i Arendal sentrum konkurrere med isen til sjølvaste Jon Skarli. Og da er det glatt!
Beste helsing Jan Kløvstad