Regjeringa må gripe inn mot monstermastene

Fråsegn vedteken av årsmøtet til Radøy Venstre:

NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) tilrådde i dag bygging av kraftledningen frå Kollsnes til Mongstad. Radøy Venstre meiner regjeringa må stille krav om utgreiing av sjøkabel som eit alternativ før endeleg avgjersle vert teken, slik dei etter mykje press gjorde i Hardanger-saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I følgje Energiloven skal saker med “betydelig motstridende samfunnsinteresser” avgjerast av Olje- og energidepartementet. Ettersom naturinngrepa med monstermaster er større i det lave kystlandskapet enn i Hardanger, må denne saka etter Radøy Venstre si oppfatning heilt klårt avgjerast i regjeringa. Dersom regjeringa vel ikkje å gripe inn, dekkjer dei seg bak administrative avgjersler utan å ta politisk ansvar. Dette vil etter Radøy Venstre si oppfatning vere både feigt og i strid med energiloven.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**