Innkalling til Venstres landsmøte 2011

Møtestart: Fredag 1. april 2011 ca kl 12:00
Møteslutt: Søndag 3. april 2011 ca kl 14:00
Møtestad: Rica Nidelven Hotel, Trondheim

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Til: Landsstyrets medlemmer og varamedlemmer, fylkeslag og sideorganisasjonane
Kopi: Lokallag
Frå: Venstres Hovudorganisasjon
Dato: 31. januar 2011

INNKALLING TIL VENSTRES LANDSMØTE 2011

Møtestart: Fredag 1. april 2011 ca kl 12:00
Møteslutt: Søndag 3. april 2011 ca kl 14:00
Møtestad: Rica Nidelven Hotel, Trondheim

Nøyaktig program inkl endeleg tidspunkt for møtestart og -slutt vert sendt ut med sakspapira. Merk at sentralstyret og landsstyret har møter torsdag 31. mars, som vil bli kalla inn til i tråd med vedtektene.

Vi ber om at fylkeslaga sender ei liste over valde delegatar til VHO så raskt som desse er klare, slik at vi kan sende ut sakspapir direkte til delegatane. Hugs å føre på e-post og telefon til delegatane. Delegatliste skal sendast til [email protected].

Vi ber óg om at avtroppende lagsleiarar vidaresender innkallinga til nyvald leiar.

For Landsmøtet 2011 gjeld følgjande fristar:
18. februar: Frist for å sende inn framlegg til landsmøtesaker, inkludert framlegg til vedtektsendringar
4. mars: Sakspapir vert sendt delegatane
11. mars: Frist for å sende inn forslag til politiske fråsegner
18. mars: Politiske fråsegner vert sendt delegatane

Framlegg til vedtak som kjem inn etter desse fristane kan handsamast berre dersom landsmøtet vedtek dette med 2/3 fleirtal.

Nedanfor og vedlagt finn de delegatfordelinga til årets landsmøte. Tala er basert på røystetal og medlemstal. Fylkeslaget sin landsstyrerepresentant er inkludert i delegattalet. Vi viser for øvrig til Venstres vedtekter, § 9: https://www.venstre.no/vedtekter/

Østfold: 8
Akershus: 19
Oslo: 28
Hedmark: 8
Oppland: 8
Buskerud: 9
Vestfold: 8
Telemark: 8
Aust-Agder: 6
Vest-Agder: 7
Rogaland: 15
Hordaland: 17
Sogn og Fjordane: 8
Møre og Romsdal: 12
Sør-Trøndelag: 10
Nord-Trøndelag: 8
Nordland: 7
Troms: 6
Finnmark: 3
+ Sentrals./direktevalde 13
+ Sideorganisasjoner 19 (NUV 13, NVK 3, NLSF 3)
SUM 227

Med helsing
VENSTRE

Terje Breivik
Generalsekretær
Tlf. 22 40 43 50

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**