Hareid Venstre satsar for fullt i valkampåret og satsar på å få ordføraren i neste periode som på nytt blir ei krevjande periode i politikken i Hareid med store underskot som skal dekkjast inn. Hareid Venstre har starta diskusjonen om korleis partiet vil stille seg til dei inndekkjings forslaga som ligg føre, og mellom anna diskusjonen om berging av Bigset skulen var eit heitt tema på årsmøte.
Venstre har eit godt mannskap på plass, og listestillingsarbeidet er i rute og vil gi eit godt mannskap med erfaring og nye idear som må til for å utvikle Hareid.
Elles avgjorde årsmøte å gå vidare med diskusjonssalongen som vart ein sukses i haust med eign sprengd diskusjonssalong. Neste tema ut er kommunesamanslåing som også blir svært aktuelt i komande periode.
Årsmøte var elles godt nøgde med at dei har toppen på fylkestingslista til valet og god kontakt med toppleiinga i Oslo. Det gjer at partiet har gode sjansar til å drive eign gjennomgåande politikken og få sakene heilt til topps.
Under finn du heile årsmøtereferatet, samt årsmelding for 2010.
Årsmøtereferat 27. januar 2011
Årsmelding 2010