Regional høgskoleutdanning må sikrast

Kommunen må sikre vertskap for den desentraliserte høgskoleutdanninga, uttalar årsmøtet i Målselv Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Målselv Venstre ber kommunen sikre at den desentraliserte utdanninga i Midt-Troms har eit avklart vertskap i Målselv. Kommunen må snarast få på plass ei varig felles løysing med Forsvaret , ei løysing som tener både Forsvaret og regionen, og som er den beste samfunnsøkonomisk sett.
Dette kan ein best få til i samarbeid med Forsvarets Studiesenter, som til no har lagt til rette for den teoretiske utdanninga, og da i svært godt samarbeid med Studiesenteret Finnsnes.

Rekrutteringa frå indre Troms til studium som til dømes sjukepleie, grunnskolelærar og førskolelærar blir styrka ved at tilbodet gis så nært som mogleg. Kommunane får gjennom den desentraliserte modellen kvalifisert arbeidskraft i stor monn, sidan dei fleste deltakarane alt er etablert og bor
lokalt. Det er viktig å ta vare på dette, slik at både det offentlege og det private kan skaffe seg god kompetanse for dei tenestene som skal utførast.
Kommunane må saman med næringslivet sjå på om det kan etablerast fleire utdanningar etter same modellen — til dømes innanfor reiseliv.

Målselv Venstre er svært tilfreds med at Forsvaret også tillet eksterne plassar på Forsvaret sine eigne studium på bachelor —og masternivå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**