– Viktig å styrke barnevernstenesta

– Det er viktig å styrke barnevernstenesta slik vi bli invitert til i sakspapira, sa Venstres Jan Kløvstad i bystyret. Han viste til debatten om oppreisingsordninga

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


for barneheimsbarn for to år sidan, der Venstre varsla at det truleg er enda fleire blant dei som IKKJE fekk kome bort frå familien som burde ha fått langt meir hjelp.

Voldtatt

Foto: Finn Dale Iversen

– Vi er prega av kva vi les i aviser og høyrer og ser i andre media for tida, og mange av oss har vore opptatt av styrking av barnevernet lenge. Derfor var det gledeleg å vere med på konferansen i Universitetet i Agder i Grimstad i november der tidleg innsats i dei aller første barneåra blei nemnt av alle som hadde innlegg som ein forutsetning for å hindre unge i å bli uføre. Barnevernsleiaren i Kristiansand var svært åpen om nye arbeidsformer, der den gamaldagse teieplikta er erstatta med HJELPEPLIKT. Personvernet står sjølvsagt framleis sterkt. men det viktigaste er å hjelpe, og å hjelpe tidleg. Eitt eksempel frå seminaret var fylkestannlegens om kunne fortelle at det for få år sidan berre blei sendt 15-20 bekymringsmeldingar frå tannlegane på landsplan til barnevernet, mens det i dei ti første måndane i 2010 var sendt mellom 30 og 40 meldingar berre frå tannlegane i Aust-Agder. Fylkestannlegen fortalte at tre røde merke på bakhodet til barnet er eit klart teikn på seksuelt misbruk, og at tannlegar oftare tar vevsprøver ogs pyttprøver for å dokumentere – og varsle barnevernet.

– Vi treng fleire som byr seg, i nabolaget, i familien – og i det profesjonelle hjelpeapparatet. Den tragiske saka i Alvdal nå viser at mange profesjonelle fagfolk har gjort papirarbeidet, men likevel svikta dei som har hatt desperat behov for hjelp i mange år i ein fæl oppvekst. Venstre støttar styrkinga av barnevernstenesta, og ber om at vi alle åpnar augene, og stiller opp, sa Jan Kløvstad på vegner av Venstre.

Bystyret vedtok styrkinga einstemmig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**