Reformér regelverket for immigrasjon

Amelie-saka har vist at det norske immigrasjonslovverket er heilt utdatert og modent for radikale reformer, noko Venstre vil bidra til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alf Helge Greaker Bergen

Foto: M-K

I dag skil ikkje regelverket mellom dei som har eit reellt behov for vern og dei som ikkje måtte ha dette behovet, men som har vilje og ressursar til å prøve å skape seg ei framtid her i landet. Viss du ikkje er så heldig å vere fødd innanfor EU/EØS, har du knapt nokon annan lovleg inngang til permanent opphald i Noreg enn å prøve deg som asylsøkar. Dette kombinert med at regelverket og heile debatten er sterkt prega av eit prinsipp om at vi som nasjon skal ta i mot færrast mogleg av både innvandrarar og flyktningar så ber dette heilt gale av stad. For eit liberalt parti blir alt dette grunnleggande feil, fordi enkeltmennesket skal ha rett til å bevege seg over landegrenser og skape seg ei framtid der ein sjølv ønskjer å prøve.

Innvandring og asyl ikkje nett det same
Innvandringspolitikk har ikkje noko med asyl å gjere. Det første handlar om migrasjon, gjerne permanent. Det andre handlar om mellombels flukt. Skal ein få eit betre regelverk som legg meir vekt på den einskilde, er dette sentralt for politikarar å skjøne.

Derfor har Venstre mellom anna foreslått ei løysing om at ein kan få innvilga eit arbeidsvisum som kan fungere som "Green card" gjer i USA. Dette vil opne for ei mykje betre inngangsdør til Noreg for arbeidsføre og kompetente personar som næringslivet vil kunne nytte seg av. Ein kan til og med risikere at nye landsmenn skaper sin eigen arbeidsplass (!). Å få eit jobbtilbod burde i seg sjølv kvalifisere til opphald. Tenk på den kompetansen næringslivet her i vest går glipp av i dag når kompetente personar blir tvungne til å forlate landet.

Innvandringspolitikk eit problematisk omgrep
Innvandringspolitikk som omgrep er i seg sjølv problematisk, sidan innvandrarar som gruppe er samansett og individa i gruppa ofte har sprikande interesser, som alle andre. "Innvandrar" blir diverre altfor ofte trekt fram når det er knytta til dømes sosiale rettar eller politiske gevinstar til å bruke denne klisterlappen. Dette er òg ei problemstilling eg håper kan komme fram i den nye debatten som kan komme i etterkant av Amelie-saka.

Asyls flytning immigrasjon

Foto: © Braendan Yong | Dreamstime.com

Vi har nemleg berre to val framover: Anten kan vi la innvandring skje etter dagens "strengast-mogleg"-prinsipp og la stadig meir skje ulovleg, kor resultatet lett kan bli meir menneskesmugling og pågong av "asylantar" som ikkje treng beskyttelse, eller vi kan la det skje i ordna former. Venstre vel det siste og berre på den måten kan vi få eit asylsystem med klårare reglar for alle; med eller utan papirer, med gode og sikre returordningar for dei det måtte gjelde. Ein debatt som dreier seg om korleis ein kan stoppe innvandringa og sleppe inn færrast mogleg burde hermed vere stempla som utgått. Reformerer vi ikkje systemet kjem nok Noreg til å oppleve eit hardt møte med røynda om veldig få år.

Alf Helge Greaker
Venstre, innstilt 2.-kandidat til fylkestinget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**