Høgre og eigedomsskatten i Gol

Høgre ynskjer no å fjerne denne skatten som dei var med å innføre i budsjetmøtet i desember

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I budsjetthandsaminga var det ikkje råd å få verken Høgre eller Framstegspartiet til å vere med og debattere eigedomsskatten. —Den er innført, så det er ikkje meir å diskutere, vart det hevda.

Det som var vedteke før budsjettmøtet, var at eigedomsskatten skulle utgreiast. Og skatten vart utgreidd, og politikarane fekk greie på at skatten ville tilføre Golsamfunnet minst åtte millionar kroner, litt etter korleis skatten vart innretta. Desse summane vart lagt inn i budsjettframlegget frå administrasjonen.

Det var i budsjettmøtet kommunestyret skulle gjere vedtak, om denne skatten skulle innførast eller ikkje. Skatten vart samrøystes innført. Ingen stemte imot. Men dei som kunne tenkt seg å stemme imot gjorde det ikkje, fordi dei ikkje hadde brukande framlegg til korleis budsjettet skulle salderast.

I eit avisoppslag i Hallingdølen no på nyåret seier Gol Høgre at dei vil arbeide for å fjerne denne skatten. Partiet seier ingen ting om korleis dei tenkjer seg at budsjettet skal balanserast utan denne inntekta.

Eg vil be om at Høgre gjer greie for kva budsjettpostar partiet ynskjer å redusere med til saman om lag åtte millionar kroner.

Hallvor Lilleslett
Gruppeleiar Gol venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**