Årsmelding 2010 Gol Venstre

Årsmeldinga til Gol venstre syner eit lokallag med stor politisk aktivitet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


ÅRSMELDING 2010 — GOL VENSTRE

Tillitsfolk i meldingsåret:
Leiar: Helge Feet
Nestleiar: Vlasta Sundmoen
Skrivar: Gunhild Sørum
Kasserar: Hallvor Lilleslett
Styremedlem: Mildrid Nesheim

Vara:
1. John Henning Johannessen 2. Sigurdis Ingimundardottir, 3. Anna Lilleslett, 4. Per Drabløs

Revisor: Ola V. Stake
Valnemd:Gudrun Bøthun, leiar, Hallvor Lilleslett, Per Drabløs

Utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre: 1.Leiar Helge Feet, 2. Vlasta Sundmoen
Vara:1.Hallvor Lilleslett, 2. Gunhild Sørum, 3. Mildrid Nesheim, 4. John Henning Johannessen, 5.Sigurdis Ingimundardottir,6. Anna Lilleslett,7. Per Drabløs

Nominasjonskomite: Gudrun Bøthun leiar, Gunhild Sørum
Programkomite: Helge Feet, Vlasta Sundmoen, Hallvor Lilleslett, Ingebjørg By Teigen

MØTEVERKSEMD
Gol Venstre har også i 2010 hatt eit aktivt år med i alt 14 medlemsmøte / gruppemøte /styremøte/møte i kommunestyregruppa og eit fellesmøte med dei andre venstrelaga i Hallingdal. Det var 11. januar i samband med årsmøtet på Solstad Hotell, Gol. Tema for møtet var "Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres". Helge Feet orienterte om planen og var møteleiar. I tillegg vart kollektivtrafikk i Hallingdal drøfta.

Hallingtinget møter to gonger i året. Her møter Hallvor Lilleslett som Gol Venstre sin representant.

POLITISK ARBEID

Gol Venstre har tre representantar i kommunestyret:
1. Hallvor Lilleslett, Gol Venstre sin representant i formannskapet, gruppeleiar
2. Vlasta Sundmoen, Gol Venstre sin representant i Utval for Kultur og Levekår (UKL)
3. Helge Feet, Gol Venstre sin representant i Utval for Natur og Næring (UNN)

Vara til kommunestyret: 1. Ingebjørg By Teigen, 2. Jan Kattenberg, 3. John Henning Johannessen. Alle har vore innkalla til kommunestyret.
Gol Venstre er representert i mange råd og utval.
Mildrid Nesheim er leiar i kontrollutvalet.

Av større politiske saker Gol Venstre har vore oppteken av i 2010 kan nemnast:
Budsjettarbeidet har og i år vore krevjande, særleg i UKL
På grunn av den økonomiske situasjonen tok Gol Venstre initiativ til å få utgreidd spørsmålet om eigedomsskatt i heile kommunen. Det er no vedteke og skal gjennomførast.
I Hallingmoprosjektet har Gol Venstre særleg hatt fokus på skule og har teke initiativ til å få med ein skulefagleg person i plangruppa.
Etablering av skulekorps kom opp på vårparten. Gol Venstre gjekk inn for å utsetje dette til budsjettbehandlinga før jul, og var samtidig med på å sørge for at det kom inn i budsjettet for 2011.
Områderegulering Gol tettstad: Her markerte Gol Venstre seg når det gjeld prinsippavklaringar.
Furuheim: riving eller vern? Debatten har gått i haust. Gol Venstre stemte for rådmannens innstilling.
Omsorg — eit stadig tilbakevendande tema p.g.a. budsjettoverskridingar. Gol Venstre meiner at det trengs strukturelle grep her for å få økonomien i balanse.
Interpellasjon om kollektivtrafikk ved Hallvor Lilleslett etter fellesmøtet i samband med årsmøtet.
Lesarinnlegg om "likestilling ved listestilling" ved Hallvor Lilleslett.
Brev til ordføraren ang. rapport om såkalla formålsbygg og framgang i saka om sal av kommunale bygg.

Heimesida til Gol Venstre er godt presentert, linka til Buskerud Venstre og Venstre sentralt.
Gol Venstre sine representantar har også dette året hatt mange innlegg i kommunestyret og elles vist stor politisk aktivitet.

Gol 06.01. 11

Helge Feet Gunhild Sørum
-leiar- – skrivar –

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**