Vi elskar fisk og folkestyre!

Årsmøte i Giske Venstre
Årsmøtet vart halde på Ålesund Airport Hotell 20.januar og 19 gode Venstremedlemmar møtte. Av
desse var det 4 frå Unge Venstre med Fredrik Giske frå Giske som er leiar i Ålesund og Omegn UV
i spissen. Flott med så mange engasjerte liberale ungdommar i kommuna vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Vi elskar fisk og folkestyre!

Årsmøte i Giske Venstre

Foto: Britt Dagny Nikolaisen

Foto: Unge Venstre (UV)

Det vart lagt fram ei årsmelding som viser eit aktivt lokallag, med tre representantar i
kommunestyret som jobber godt og vinn fram i viktige saker. Vi nemner her fleirbrukshallen på Vigra der Venstre har vore i leiinga i prosessen med å få til eit samarbeid mellom kommune, skule og
idrettslag, Oskar-saka, som desverre ikkje endte så godt som ønskjeleg og auke i jordmorstillinga i
kommuna vår til 100 % i samsvar med Samhandlingsreforma. Kulturkomitèen, med Britt Giske
Andersen som leiar har også fått til mykje, blandt anna er museumspedagogen i kommuna vår
vidareført i 80% stilling.
Det nye styret i Giske Venstre for 2011 ser slik ut:
Leiar: Britt Giske Andersen
Nestleiar: Runa Godø Sæther
Kasserer: Svein Gjøsund
Sekretær: Britt Elin Roald Farstad
Styremedlemmar: Ove Paulsen og Britt Dagny Nikolaisen.
Vara: Ole Furnes og Marit Vik
Unge Venstre har òg stemmerett i styret.
Gunn Berit Gjerde haldt eit inspirerande innlegg der ho traff oss i hjerterota med skildringar av eit
stødig parti som er tydeleg i sine haldninger. Vi i Venstre gleder oss til å starte valkampen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**