Trafikkgrunnlag og kostnad før bompengedebatt

Fjaler Venstre vedtok på årsmøtet 9. januar følgjande fråsegn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Årsmøtet i Fjaler Venstre meiner at grundige trafikkteljingar og pålitelege kalkylar for ei opprusting av vegen må på plass før vi kan få ein rell debatt om ei framtidig bompengefinansiering av Fv 57 Dale-Osen.

Venstre deler synet til Fjaler-ordføraren — som lanserte bompengeideen — om at delar av vegen på sørsida av Dalsfjorden er av svært dårleg standard. Strekninga Dale-Osen er ein hemsko både for næringsliv og trafikantar flest. Vegen har — i påvente av Dalsfjordsambandet — ikkje vore i prioritet dei siste 15 åra. Og med Hafs-kommunane sine felles vegprioriteringar vil Fv Dale-Osen neppe kome i løyvingsposisjon dei neste 15 åra.

Bompengar har heilt klart negative sider. Til dømes vil ei avgift på 50 kr — slik ordføraren tek til orde for — medføre ein betydeleg årleg ekstrakostnad for dei som brukar vegen dagleg. Spørsmålet er også kor mykje veg som kan finansierast med 50 kr i avgift. Skal bru over Svesundet også med i reknestykket? Kor lang nedbetalingstid er det tale om? Kva om avgifta må doblast? Og vil ei eventuell delt finansiering med bompengar og offentlege løyvingar kome i konflikt med felles-prioriteringane i Hafs?

Dette og meir til må utgreiast og vegast opp mot nytteverdien av ein ny, tenleg og framtidsretta veg. Men først må trafikkgrunnlag og anleggspris dokumenterast best mogeleg.

Venstre er heller ikkje avvisande til at innbyggarane i Fjaler kan få seie si meining om bompengar på Fv 57 gjennom ei folkerøysting.

For Fjaler Venstre
Hogne Kvangarsnes – leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**