Referat frå fylkesstyremøte i Agder Venstre,
gjennomført pr e-post inntil 6. januar kl 1500.
Deltakere: Arnt Gunnar Tønnessen, Stein Inge Dahn, Heidi Foyn Thomassen, Jan Kenneth Stavenes, Anne Midtlien, Eva Kvelland.
Ikke respons fra: Anne Margrethe Larsen, Øystein Haga, Bjørg Vestrheim, Ingvild W. Thorsvik.
Sekretær: Jan Kløvstad.
Sak 2011/1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Vedtak: Innkalling og sakliste godkjent.
Sak 2011/2 Godkjenning av referat frå styremøtet 23. november 2010 i Risør
Vedtak: Referatet frå styremøtet 23. november 2010 godkjent.
Sak 2011/3 Økonomisk rapport
Blir ettersendt. Sekretær og rekneskapsførar har hatt arbeidsmøte 6. januar.)
Sak 2011/4 Val av valnemnd for fylkesårsmøta 12.-13. februar 2011
Vedtak: Valnemnd for årsmøta i Agder Venstre, Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre blir Emil Pedersen (leiar), Astrid Bekkenes, Alexander Iversen, Ingvild Thorsvik, Cathrine Høyesen Hall. Arbeidsoppgåver er
– Styre for Agder Venstre med fem varamedlemer 2011-2013 (Desse står på val i 2011: Arnt Gunnar Tønnessen, Anne Margrethe Larsen og Jan Kenneth Stavenes, mens Stein Inge Dahn og Heidi Foyn Thomassen er valt fram til årsmøtet 2013)
– Styre for Aust-Agder Venstre med varamedlemer 2011-2013 (Alle står på val sidan gjenetableringsmøta 2.desember 2010 vedtok å utnemne dei valte medlemer og varamedlemer i Agder Venstre som styre i dei to fylkeslaga fram til 12. februar 2011)
– Styre for Vest-Agder Venstre med varamedlemer 2011-2013 (som for Aust-Agder)
– Utsendingar til landsmøtet i Venstre i Trondheim 1.-3. april 2011 for begge fylkeslaga (6 pluss landsstyremedlem for kvart fylke)
Sak 2011-5 Plan for årsmøta på Rica Hotel Grimstad 12.-13. februar 2011
Vedtak:
Fylkesstyret deler ut anerkjennelse for lokallaget med størst prosentvis medlemsauke i 2010, og til lokallaget med flest saker på heimesida si.
Delegat i enkeltrom betaler kr 1085,00, delegat i dobbeltrom kr 805. Agder Venstre dekker opphaldet for fylkesstyret med møtande varamedlemer, fylkessekretær, gjest frå VHO, pluss leiar i opplæringsutvalet.
Tidsplan for gjennomføring av fylkesårsmøta (kan bli justert om praktisk ønskeleg):
Laurdag 12. februar
kl 1000 Felles velkomst ved ordførar Hans Antonsen og leiar Arnt Gunnar Tønnessen i Agder Venstre. Innslag ved Grimstad kulturskole. Konstituering med val av møteleiarar, sekretærar, fullmaktsnemnd, redaksjonsnemnd og tellekorps.
Kl 1015-1100 Årsmøte i Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre
Kl 1100 Pause med grovbriks
Kl 1130 Årsmøte i Agder Venstre
Årsmelding, rekneskap, budsjett, handlingsplan 2011-2012, valkamp
Kl 1300 Kaffipause
Kl 1500 Pause med kaffi/te og kake
Kl 1515-1645 Liberale reformer for økt verdiskaping. Innleiing ved Hans Antonsen og Heidi Foyn Thomassen, medlemer av Venstres verdiskapingsutval
Kl 1645-1700 Kaffipause
Kl 1700 Politiske fråsegner
Kl 1900 Festmiddag med to-rettars middag, kåseri og andre kulturinnslag. Ansvar: Grimstad Venstre
Søndag 13. februar
Kl 0900 Valkampen 2011 ved ??
Opplæring i bruk av sosiale medier ved Petter Toldnæs og Jan Einar Henriksen
Kl 1000 Tale av Venstreleiar Trine Skei Grande. Politisk debatt
Kl 1100 Fruktpause
Kl 1300 Lunsj
Kl 1400 Valprogrammet 2011-2015, innleiing ved Øystein Haga og Eva Kvelland i programnemnda
Kl 1530 Politiske fråsegner
Kl 1600 Vel heim
Og innimellom dette skal vi ha:
Frihet til å bo der du vil. Venstres distriktspolitikk. Innleiing ved .
Sak 2011-6 Valkampnemnd og prinsipp for valkampen
Vedtak: Utsett til fysisk møte for å drøfte mål, arbeidsmåtar, økonomi og organisering i samanhang.
Sak 2011-6 Fylkesårsmøtet 2011, innhaldet i sakene
Vedtak:
Fylkesstyret foreslår for årsmøtet i Agder Venstrre:
Møteleiarar.
Tor Audun Danielsen og Eva Kvelland.
Møtesekretærar: Trond Birkeland og Line Øvernes Mørch.
Fullmaktsnemnd: Ikkje nødvendig, fordi dei to fylkeslaga alt har godkjent fullmakter før Agder Venstre har møtet sitt.
Kontingent til fylkeslaga 2012 (blir formelt bestemt i dei to separate fylkesårsmøta)
Agder Venstre har ingen eigen kontingent.
Budsjett ved styremedlem Jan Kenneth Stavenes
Budsjettet for 2010 justert med å bruke kr 100.000 til valkampen.
Handlingsplan ved leiar Arnt Gunnar Tønnessen
Planen bør innehalde målsettingar om valresultat, Venstreskolar, representasjon, datoplan med fylkesstyremøte noe tilpassa fylkestingssamlingane, landsmøtet og landsstyremøta, elles eitt einaste fokus: Valkampen i dei store kommunane og fylkesvalkampane. Agder Venstre blir vertskap for VHOs store landssamling i Grimstad/Arendal siste helga i juli.
Sak 2011-7 Politiske utspel
Ingen sidan det var e-postmøte.
Sak 2011-8 Fylkespolitiske saker
Ingen sidan det var e-postmøte.
Sak 2011-9 Neste fylkesstyremøte
Vedtak: Neste styremøte blir anten onsdag 19. januar eller tysdag 25. januar kl 1800 i Kristiansand. Saker i dette møtet blir meir detaljerte årsmøtepapir, datoplan for styremøte ut året og andre datoplanar. (Blir avklart innan 12. januar).