Venstremelding til Arendal Boligbyggelag: Slutt med betong, gi oss miljøvennlege passivhus i tre!

Venstre fekk fleirtal for å innføre 50% rabatt på byggesaksgebyra for klimanøytrale hus, også kalt passivhus, i bystyret i Arendal. I debatten var det litt tvil om regelverket, men dette blei raskt avklart både i Oslo og hos kommuneorganisasjonen KS.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Av Jan Kløvstad, bystyremedlem for Venstre i Arendal

For Venstre er det viktig å stimulere folk til miljøvennlege løysingar, og når det gjeld passivhus har vi gode forbilde. Det skjer mykje spennande med miljøvennlege bygg nå. Eg var så heldig å få vere med på ein studietur til Växjö, som kaller seg Europas grønaste by.

 Inne i passivhus i Växjö.

Inne i passivhus i Växjö.
Foto: Jan Kløvstad

Før turen hadde vi tenkt mest på småhus som passivhus. Men i Växjö var vi inne i ei treblokk på åtte etasjar, bygd i massivt tre, – og etter alle standardar for passivhus. Vanleg norsk kunnskap har til nå handla om det det ikkje bør vere meir enn tre-fire etasjar i trehus. Men Det er det kommunale boligbyggelaget i Växjö som eig dei to massive — og passive — blokkene. Derfor sender Venstre utfordringa til Arendal Boligbyggelag: Slutt med sement og betong, gi oss miljøvennlege passivhus i tre! Den same utfordringa gjeld sjølvsagt dei bygga Arendal bystyre nettopp har vedtatt å bygge: Stuenes skole og Roligheten skole, framtidig samanbygging mellom Solhaug og Margrethestiftelsen og andre kommunale bygg.

Konstruktivt samarbeid

Også det nye rådgjevingsprogrammet "Agder Wood" peikar i same retning. Dette er eit nytt prosjekt som skal fremme klimavennleg og energismart bygging i tre. Fylkeskommunane og fylkesmennene på Agder er med saman med Husbanken, Fremtidens Byer Kristiansand og Trefokus AS.

Venstre har stilt forslag om passivhus fleire gonger undervegs i kommuneplanarbeidet, og i reguleringsplanar som for eksempel ved Flodda i Myra. Nå må heile kommunen vere med. I 2015 skal det kome ny teknisk forskift med passivstandard.

Å bygge passivhus, både villaer, rekkehus, leiligheiter, hytter og blokker som passivhus gir ein mykje betre marknadsverdi, sterkt redusert straumrekning for dei som er heldige å få bu i slike hus — og er i tillegg eit godt klimatiltak. Agder Wood vil gå inn med råd og støtte til ei beste passivhusprosjekta i Agderfylka. Også Enova blir med. I denne konkurransen skal Arendal vere i aller fremste rekke.

Passivhus Växjö

Foto: Jan Kløvstad

Grip sjansen!

I budsjettet for 2011 fekk Venstre fleirtal for halvt byggegebyr på passivhus. Derfor var det naturleg at vi følgte opp med den konkrete formuleringa i revisjon av gebyrregulativ for plan- og byggesak.
Det er alltid vanskeleg å få fullt gjennpomslag for nytenking, men vi takkar for støtte frå heile 26 av dei 39 i bystyret. 50% rabatt på byggesaksgebyr for passvishus blei vedtatt mot stemmene frå Frp, to frå Pensjonistpartiet og to frå Høgre.
Nå er det opp til husbyggarar, både av små hytter og hus og store blokker å gripe sjansen. Lykke til!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**