Gledeleg hotellvedtak

I Venstre er vi svært positive til dei framlagde planane om hotell i Fjaler. Det er eit særs viktig tiltak som alle — både næringsliv og innbyggarar flest — vil ha nytte og glede av. Difor må vi også vere villige til å gå inn med kommunale midlar, sa Johnny Haugsbakk (V) då kommunestyret i går drøfta hotellprosjektplanane i Dale.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Som næringslivsmann registrerer eg at både næringslivet vårt og kommunen vår er inne i ei positiv utvikling. Vi blir lagt merke til og har fått eit godt omdømme på oss, og eit hotell vil vere ein viktig del av infrastrukturen vår, sa Haugsbakk vidare.
Haugsbakk tok til orde for å gjere ein del endringar på tilrådinga frå formannskapet.
– Det viktigaste no er å gjere eit intensjonsvedtak der vi signaliserer ei positiv haldning og viser vilje til å investere inntil 7 mill kroner. Vi snakkar om eit stort prosjekt som vil ta tid å finansiere. Eg applauderer D/S Hotell & Bad A/S som har starta opp prosessen, men så tidleg i prosessen er det viktig at vi ikkje utelukkar eventuelt andre som skulle ha hotellplanar i Fjaler. Så får vi kome attende til saka når prospekt for investering ligg føre — og saka er meir konkretisert, sa Haugsbakk.
Initiativet frå Haugsbakk fekk tilslutning frå alle partia. Han kunne såleis fremje følgjande fellesframlegg som vart samrøystes vedteke:
"Fjaler kommune gjer eit intensjonsvedtak om å investere inntil 7 mill kr i hotellprosjekt i Fjaler. Ei løyving føreset at ein får førelagt eit fullfinansiert prosjekt innafor ei tidsramme på to år rekna frå 1. januar 2011. Om D/S Hotell og Bad A/S får fullfinansiert sitt prosjekt innafor tidsramma, vil ein få opsjon på noverande ferjekai til bruk til hotell i Dale."

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**